MENY

UiS får seks millionar til nye undervisingsrom

Kunnskapsdepartementet gir seks millionar kroner til oppussing av undervisingslokale ved UiS. På planen står skaparverkstad, innovasjonslab, konsertsal og betre studentlokale.

Besøk på ein gamal sløydsal. Sissel Knutsen Hegdal (midten) og Jan Erik Søndeland (til venstre) fekk mellom anna sjå ein gamal sløydsal for lærarstudentane. Den er aktuell for å bli pussa opp til dagens standard, med midlane som kjem.

I går kom to lokale representantar for regjeringspartia på besøk for å fortelje om den nye støtteordninga, og for å sjå korleis pengane kan bli brukt.  Sissel Knutsen Hegdal (H) og Jan Erik Søndeland (V) fekk mellom anna sjå ein gamal sløydsal for lærarstudentane. Den er aktuell for å bli pussa opp til dagens standard, med midlane som kjem. 

Godt gjennomslag 

I vinter søkte UiS om 9,5 millionar kroner til formålet. At UiS har fått ei løyving på seks millionar kroner, ein fjerdedel av den totale potten, er universitetsdirektør Ole Ringdal strålande nøgd med. 

– Dette gir oss handlingsrom for sårt tiltrengte oppgraderingar til nye og moderne undervisingsformar. Vi har laga fire ulike delprosjekt, men nøyaktig korleis pengane blir fordelt er noko vi må kome tilbake til, seier Ringdal. 

Fire prosjekt 

I søknaden til Kunnskapsdepartementet ligg eitt prosjekt for lærarutdanninga, som inneheld ein skaparverkstad for lærarstudentar, ein barnehagelab og nye salar for kunstfag og sløyd. 

Prosjekt nummer to handlar om å oppgradere fellesareal for studentar på Kjølv Egelands hus, som i dag verkar upersonlege og gamaldagse.  

Det tredje er ein utdannings- og innovasjonslab for studentar og tilsette som jobbar tverrfagleg og internasjonalt, mellom anna i samband med prosjekt i nettverket European Consortium of Innovative Universities (ECIU). 

Til sist er det laga eit prosjekt for ny konsertscene i foajeen ved Fakultet for utøvande kunst, samt andre oppussingar av areal for kunstfag-miljøet i Bjergsted. 

Store behov 

Pengane kjem gjennom ei heilt ny støtteordning i Kunnskapsdepartementet. 

– Dette er ei flott og viktig ordning, som eg håper blir vidareført og styrka, seier Ringdal. 

Sjølv med desse oppgraderingane er behova store, ikkje berre for oppussing men også heilt nye bygningar.  

– Ikkje minst har vi prekært behov for eit nytt bygg for helsefag, som for lengst har vakse ut av sine noverande lokale, seier Ole Ringdal. 

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Mari Hult