MENY

UiS og Hå kommune saman om kulturhistorisk bokverk

Universitetet i Stavanger og Hå kommune skal samarbeide om utarbeiding av eit kulturhistorisk bokverk om Hå i tre bind. I dag signerte partane avtalen om bokverket som skal lanserast i 2014.

- Dette bokprosjektet skal bidra til finne ut meir om kven vi er og identiteten vår. Prosjektet er ekstra spennande fordi dei mange historieberarane i kommunen også skal bidra, sa UiS-rektor Aslaug Mikkelsen under signeringa av samarbeidsavtalen på Hå gamle prestegard.

- Lokalhistorie er eit viktig område for UiS og for samfunnet. Vi er svært glade for å kunne samarbeide med Hå om dette, konstaterte ein nøgd rektor etter å ha signert avtalen saman med ordførar i Hå Terje Mjåtveit og universitetsdirektør Per Ramvi.

- Dette er ein historisk dag for Hå. Med dette prosjektet vil lage eit bokverk for etterkommarane våre og innbyggjarane våre. Vi ser fram til eit godt samarbeid med UiS framover, sa ordførar Mjåtveit då avtalen var på plass.

Lokale krefter
Kontrakten har ei kostnadsramme på 5,34 millionar og inneberer at UiS tek på seg oppdraget med å gjennomføre bokprosjektet, i nært samarbeid med Hå kommune og lokale aktørar.

I prosjektet skal det leggast opp til at lokale krefter, som historielag, får følgje med i prosessen og bidra med innspel til arbeidet. Også skular i Hå skal med i prosjektet og det vil bli lagt opp til fleire formidlingsaktivitetar i kommunen. I prosjektet vil det også bli lagt til rette for digitalisering av tekst og bilete.

Det kulturhistoriske bokverket ”Bygdebok for Hå kommune” vil delast inn i tre bind, der første bind tek føre seg tida frå steinalder og fram til kristen tid. Andre bind vil strekkje seg fram til andre verdskrig, medan tredje og siste bind vil handle om tida frå 1945 og fram til i dag

Natur og kultur
Ved UiS er det Institutt for kultur- og språkvitskap som skal vere med i gjennomføringa av prosjektet med historieprofessor Jan Bjarne Bøe og instituttleiar Marie Smith-Solbakken i spissen.

- Vi skal ta for oss dei same temaområda i alle tre binda, men belyse dei i historisk perspektiv. Forholdet mellom natur og kultur vil vere gjennomgåande, fortel Jan Bjarne Bøe, som gler seg til å kome i gang med prosjektet i ein kommune som har ei sterk historieinteresse.

Under signeringa på Hå gamle prestegard deltok også kommunalsjef i Hå, Ragnvald Riis, som var glad for å kunne gå i kompaniskap med UiS om prosjektet. Tobias Skretting og Torstein Obrestad ramma det heile inn med sine viser om dei jærske verdiar.