MENY

UiS-studentar på fjerdeplass i Kina

Dei to UiS-studentane Morten Strømsvåg og Anders Kvamsdal kjempa seg til ein god fjerdeplass i sandvolleyballturneringa under student-OL i Kina.

Sandvolleyball-duoen imponerte stort i meisterskapet, men tapte til slutt den spennande bronsefinalen mot det ukrainske paret Popov og Samoday.

Det norske laget tapte bronsefinalen 1-2 (21-14, 12-21, 10-15), men har god grunn til å vere nøgd med prestasjonane sine etter å ha imponert med godt spel gjennom heile turneringa. Etter tre seiarar i dei innledande rundane blei Strømsvåg og Kvamsdal topp-seeda og fekk lettare motstand vidare i turneringa.

Dei vann mellom anna mot lag frå USA, Mexico, Japan og Australia før dei spelte seg fram til semifinale onsdag. Motstandar i semifinalen var det polske paret Kadziola og Szalankiewic som mot slutten av begge sett trakk det lengste strået og vann kampen 2-0. Polen vann til slutt heile turneringa, etter ein finale kor dei slo Russland 2-1 (15-21, 21-12, 15-10).

Sommeruniversaden, eller student-OL, blei arrangert i Schenzen i Kina frå 7. til 20. august. Om lag 12 000 deltakarar frå 120 nasjonar var samla for å konkurrere i 24 ulike idrettar.

Før deltakinga i student-OL i Kina, deltok UiS-studentane også i student-EM i Spania og U23-EM i Portugal.

Les også:
Sandvolley-håp fra UiS
4.plass i Universaden (NVBF)
Kampreferater fra Universaden (NVBF)