MENY

UiS tek eit nasjonalt ansvar

Universitetet i Stavanger byggjer sine mange profesjonsutdanningar både i høgda og i breidda. Slik bidreg institusjonen til forsking og utvikling – og til å nå regjeringa sitt mål om 10.000 nye hender i arbeid.

Ei profesjonsutdanning siktar mot eit bestemt yrke. Med ei fortid som høgskule tilbyr UiS ei rekkje profesjonsutdanningar som dei andre universiteta ikkje har. Det forpliktar.
 – Vi har eit særeige, nasjonalt ansvar innanfor dei profesjonsutdanningane som dei andre universiteta manglar, seier universitets-direktør Per Ramvi ved UiS og held fram:
– Det er vår oppgåve å byggje både i høgda og breidda på desse utdanningane.
 
Byggje i høgda
UiS byggjer i høgda ved å utvide grunn--ut-danningane med master- og doktorgrads-program. Slik bidreg institusjonen til meir forsking innanfor profesjonar som sjukepleie, ingeniør, lærar, førskulelærar og sosionom.
 – Som eit universitet må UiS no gå eitt skritt vidare og byggje ut profesjons-
utdanningane slik at dei blir meir forskings-baserte, seier rektor Ivar Langen ved UiS.
Omfanget av forsking er nettopp ein av faktorane som skil eit universitet frå ein høgskule.
Med høgre grad tek UiS også ansvar for å skolere nye lærekrefter til profesjons-ut-danningane, noko det er eit stort behov
for landet over.
– Innanfor sjukepleie er det til dømes akutt behov for lærarar med fyrstekompetanse. Difor blei berre to sjukepleieutdanningar godkjende under ein akkrediteringsrunde føretatt av NOKUT for ei tid sida, forklarer Langen.
 
Byggje i breidda
Med eit breitt spekter av profesjonsutdan-ningar ser UiS det også som sitt særlege ansvar å bidra til å nå regjeringa sitt mål om 10.000 nye hender i arbeid. Det vil seie å byggje i breidda.
– Vi vil bidra til å nå dei politiske måla om fleire hender i arbeid og skal gjere vårt beste for å auke produksjonen av studentar, seier Ramvi. Han understrekar likevel at UiS treng ressursar for å auke utdanningskapasiteten.
– Dette er eit finansieringsspørsmål, seier Ramvi. Han håper at politikarane tek sin del av utfordringa og løyver pengar til profesjonsut-danningane.
Rektor Ivar Langen viser også til dei økonomiske aspekta og peiker på dilemmaet ved å byggje profesjonsutdanningane både høgt og breitt. Det ligg ei utfordring i å bruke ressursar til forsking og utvikling, samstundes som det skal uteksaminerast flest mogleg studentar.
– Soria Moria-erklæringa taler om å få 10.000 nye hender i arbeid, og politikarane vil først og fremst fokusere på å byggje profesjonane i breidda. Men utan kvalifiserte føre-lesarar er det vanskeleg å utdanne folk. Vi må difor byggje i høgda for å kunne byggje i breidda, seier Langen.
 
Internasjonal dimensjon
Profesjonsutdanningane ved UiS har også ein internasjonal dimensjon. Mellom anna er to av utdanningane eksporterte til Kina og Russland. Som det første norske universitetet med filial i utlandet, skal UiS gi mastergradsutdanning i serviceleiing Beijing og hjelpe til med å utvikle eit utdanningsprogram innanfor olje og gass i Arkangelsk.
– Og vi stoppar ikkje her. Kanskje kan det bli aktuelt å utdanne ingeniørar i Shanghai, skisserer Ramvi.
 Å utvide profesjonane i høgda vil også innebere større orientering mot utlandet.
– Med forsking blir vi meir internasjonale fordi vi publiserer internasjonalt og er i dialog med forskarar frå andre land, seier Langen.
Også mange profesjonsstudentar ved UiS er i kontakt med andre land gjennom utveksling.
 
Anvend forsking
UiS er oppteken av å definere sine styrkar og utvikle dei vidare. Rektor Ivar Langen peiker på at UiS har ein forse i anvend forsking. Innanfor profesjonsutdanningane blir det difor forska på tema som yrkesutøvarane sjølve er opptekne av.
– I Noreg blir det forska ein del på korleis ulike profesjonar blir utført og fungerer i samfunnet, men mindre på det praktiske yrkeslivet. Her ser UiS eit særskilt ansvar, seier Langen.
 – Forsking innanfor profesjonane bidreg til å endre metodar og praksis i arbeidslivet. Dette er ein av UiS sine styrkar, supplerer Per Ramvi og held fram:
– Til dømes har forskarar ved UiS nyleg studert pasientsikkerheita ved Stavanger Universitetssjukehus. På bakgrunn av denne studien vil sjukehuset no forbetre rutinane sine. Slik bidreg forskinga til endringar hos objektet det vert forska på.
Andre døme på anvend forsking ved UiS er Respekt, eit skuleutviklingsprogram som blei utvikla gjennom forsking. Vidare blir over 60 prosent av alle masteroppgåver innanfor ingeniørutdanningane skrivne på oppdrag eller etter idé frå næringslivet.
 
Tilby unike profesjonar
UiS vil vere eit universitet i vekst og styrke dei spissane institusjonen har. Videre er visjonane ikkje berre å vidareutvikle dei mange yrkes-utdanningane som finst i dag, men også å etablere nye studier. Planen er å tilby noko som dei andre universiteta manglar.
– Til dømes ønskjer vi å etablere ei kiropraktorutdanning. Dette er eit studietilbod som ikkje finst i Noreg i dag, forklarer Ramvi.
Saman med kollegaer ved UiS bretter Ramvi og Langen opp skjorteermane, klar for å byggje profesjonsutdanningane høgt, breitt, utover landegrensene og til nye fagfelt.
– UiS har eit nasjonalt ansvar både for å utvikle gode, forskingsbaserte profesjons-utdanningar, og for å få fleire hender i arbeid.
Vi tar begge utfordringane, avsluttar Langen.
  
Tekst: Ragnhild Thomsen
Foto: Elisabeth Tønnessen