MENY

UiS tredje best på publisering per vitskapleg tilsett

Universitetet i Stavanger hadde i fjor 1,24 publiseringspoeng per vitskapleg årsverk. Samanlikna med dei andre universiteta er UiS berre slått av UiO og UiB.

Artikkel på bord UiS aukar talet på publikasjonar år for år.

Universitetet i Stavanger hadde gode tal for vitskapleg publisering i 2018 samanlikna med dei andre universiteta, viser tala frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH), som nyleg vart lagde fram.

Til dømes når det gjeld kvalitet på forskinga ligg UiS høgt oppe. 21,1 prosent av dei publiserte artiklane vart publiserte på Nivå 2 i 2018. Vi ligg berre bak UiO, UiB og NTNU.

At forskinga blir publiserte på Nivå 2 framfor Nivå 1 er ein indikasjon på at forskinga held fagleg høg kvalitet.

På topp per årsverk

Når det gjeld publiseringspoeng fordelt på alle faglege tilsette, altså poeng per vitskapleg årsverk (UFF-årsverk), som i 2018 var 1,24 poeng, ligg UiS på tredjeplass av universiteta. UiS har med det samstundes nådd målet sitt om 1,20 innan 2020.

Publiseringspoeng per UFF-årsverk ved norske universitet i 2018:

  • Universitetet i Oslo (1,84)
  • Universitetet i Bergen (1,56)
  • Universitetet i Stavanger (1,24)
  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (1,21)
  • Norges miljø- og biovitskaplege universitet (1,21)
  • Universitetet i Agder (1,04)
  • Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (0,98)
  • OsloMet – storbyuniversitetet (0, 81)
  • Universitetet i Sørøst-Norge (0,66)
  • Nord universitet (0,64)

I 2016 hadde vi 0,94 poeng per vitskapleg årsverk, medan vi hadde 1,15 poeng i 2017. I 2018 hadde vi altså ytterlegare auka talet til 1,24 poeng.

Stor auke ved UiS

Vidare viser tala frå DBH at UiS hadde 1134,5 publikasjonspoeng i 2018. Dette er ei auke på 11,4 prosent fleire forskingspoeng enn året før.

Det er berre dei fire «gamle» universiteta som har fleire publikasjonspoeng enn UiS samla sett.

Rektor Marit Boyesen er glad for at ho nok eit år kan stadfeste at UiS veks på forskingsfronten. 

– Dette har vi jobba systematisk med sidan vi fekk universitetsstatus i 2004. Vi tek stadig nye grep for å heve forskingsvolum og forskingskvaliteten. Blant anna har vi i samarbeid med Universitetsfondet fått på plass eit toppforskingsprogram for yngre framifrå forskarar, seier Boyesen.

Rektoren peiker også på at vi sidan 2014 har hatt ein fin vekst når det gjeld talet på avlagde doktorgrader, som i 2018 runda 50. Det er med på å auke forskingsvolumet år for år.

Publikasjonspoeng 2018 for universiteta:

  • Universitetet i Oslo (poeng: 6746,2)
  • Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (poeng: 5646,7)
  • Universitetet i Bergen (poeng: 3437,4)
  • Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (2048,9)
  • Universitetet i Stavanger (1137,5)
  • OsloMet – storbyuniversitetet (1077,4)
  • Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (1012,7)
  • Universitetet i Agder (792,5)
  • Universitetet i Sørøst-Noreg (701,3)
  • Nord universitet (528,8)

God kvalitet

Som nemnt er det å publisere på Nivå 2 eit prov om kvalitet på forskinga. 

21,1 prosent av dei publiserte artiklane vart publiserte på Nivå 2 i 2018. UiS er såleis på fjerdeplass, rett bak NTNU, som ligg på 22 prosent. UiB og UiO ligg noko høgare.

Teknisk-naturvitskaplege fag på topp

Ikkje overraskande er det det største fakultetet ved UiS, Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, som publiserer mest. Dei har sørga for 576,8 publiseringspoeng, om lag det same som året før.

Gledeleg å registrere at Arkeologisk museum har 40,4 publiseringspoeng, noko som tyder på ei auking på heile 151,9 prosent frå året før.

Også Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora og Handelshøgskolen ved UiS må sjå seg nøgd med si positive utvikling med ei 8,5-prosentsauking for førstnemnte fakultet og ei auke på 40,1 prosent for Handelshøgskolen.

Tekst: Karen Anne Okstad
 

Portrett av Marit Boyesen.

Rektor Marit Boyesen kan sjå tilbake på fleire år med god vekst innan forsking.