MENY

UiS treng nybygg

Universitetet i Stavanger har behov for bevillingar til eit nytt formidlingsbygg til Arkeologisk museum og eit teknologi- og innovasjonsbygg på Ullandhaug, anten som ein del av ein eventuell krisepakke til regionen eller i revidert statsbudsjett.

Flyfoto av Universitetsområdet. Universitetet i Stavanger veks, og har behov for flere nye bygg.

Begge bygga vil gje både Universitetet i Stavanger og regionen eit stort løft.

- Dei to prosjekta er svært viktige for å sikra universitetet bygg vi treng for å møte framtida. Startløyving og løyving til forprosjektering er naudsynt for at dei to bygga skal kunna fullfinansierast og stå klare til høvesvis hausten 2018 og til studiestart 2019, seier universitetsdirektør John B. Møst.

Topp moderne formidlingsbygg
Eit nytt og moderne formidlingsbygg til Arkeologisk museum med nye magasiner i kjellaren er gyteklart. Det er ferdig prosjektert og klart for startløyve og tilbodsrunde. Byggjet har vært planlagd i lang tid, prosessen med eit nytt museumsbygg var i gong allereie før Arkeologisk museum fusjonerte med UiS i 2009. 

For å komme i gang med bygginga treng UiS ei startløyving på 8 – 10 millionar kroner. Total kostnadsramme for det ferdigprosjekterte bygget, som blir hele 5500 kvadratmeter, er 338,3 millioner kroner.

Ordføraren i Stavanger, Christine Sagen Helgø, seier at formidlingsbygget er viktig for heile Stavangerregionen og at høg kvalitet på formidlingstilbodet ved museet også vil styrka kulturtilbodet i regionen.

Teknologi- og innovasjonsbygget
Eit nytt, flott bygg kor studentar og tverrfaglige forskingsmiljø skal jobbe med teknologiutvikling og innovasjon i tett samarbeid med næringslivet er og under planlegging. Stipulert kostnad for dette bygget er 400 millionar kroner, og Universitetet i Stavanger håpar på løyving til forprosjekteringsmidlar i revidert statsbudsjett, eller gjennom ein krisepakke til næringslivet i regionen.

- Eit sterkt innovasjonsmiljø ved universitetet er avgjerande for at regionen skal kunna takla utfordringane framover når det gjeld omstilling og tilrettelegging av nye næringar. Næringslivet og fagforeiningane i regionen gjev sterkt uttrykk for at eit slikt bygg er naudsynt for å kunna skapa nye og framtidsretta arbeidsplasser, seier ordfører Sagen Helgø.

Bygget skal nyttas i tett samarbeid med næringslivet i regionen, og næringslivet ser absolutt behovet for eit slikt nybygg.

-Bygget vil kunna tilby ei god og funksjonell ramme rundt forsking innan olje og gass, fornybar energi, maritim sektor og den marine næringa, seier administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Harald Minge.

Illustrasjon av nybygget ved Arkeologisk museum

Det planlagte nybygget på Arkeologisk museum. Illustrasjon: Narud Stokke Wiig AS