MENY

UiS vertskap for NM i økonomi

Danske Bank har levert case. Ti lag konkurrerer om å bli Noregs beste lag i økonomifaget. I dag er UiS vertskap for NM i økonomi.

I dag 26. mars er det nasjonal finale i NM i Økonomi. Som eit resultat av at UiS vann fjorårets konkurranse, er UiS vertskap for årets konkurranse. Dei ti beste laga i landet frå innleiande rundar møtast for å kjempa om å bli norgesmeister.

Konkurransen set pensum opp mot aktuelle spørsmål frå verkelegheita. Her koplast dei økonomiske faga opp mot arbeidslivet. Vanlege eksamensreglar gjeld.

Ligg godt an
Laget som leiier halvvegs på finaledagen er laget til Einius Smolskas, Eirik Lieng og Per Christian Brander frå Noregs Handelshøgskule. Kameratgjengen som går fyrste året på master, kan sitt rekneskap og har i dag levert eit solid svar på strategicasen frå Danske Bank.

I ein og ein halv time sat dei tre gutane og arbeidde med korleis banken skulle få marknadsvekst i ein sterk priskonkurrerande bransje.

– Det er gøy å vere med på dette, men vi er sjølvsagt litt nervøse før presentasjonen, fortel Per Christian Brander.

Power Point-presentasjonane må lagast kjapt, men kameratgjengen har ein god gruppedynamikk som gjer at dei løyser utfordringane godt.

– Vi er stor sett einige, seier Eirik Lieng.

God læring
Diverre nådde ikkje nokre av UiS-laga til finalen i år. Dei ti laga som har kvalifisert seg til finalen er: 4 lag frå Noregs Handelshøgskule (NHH), 3 lag frå Handelshøgskulen i Trondheim (HHiT), og 1 lag frå kvar av institusjonane: Høgskulen i Bergen (HiB), Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) og BI Oslo.

– NM i økonomi er ein kjempefin moglegheit for studentane å vise kor gode dei er på å anvende det dei lærer under studiet, seier Lotte Børnick-Sørhaug, som er marknadskonsulent for Econa. 

Det er Econa som står som arrangør. Det er interesse- og arbeidstakarorganisasjonen for siviløkonomar og masterutdanna personar i økonomisk-administrative fag.

– Å få jobbe med ei konkret og reell problemstilling for Danske Bank vil gje studentane moglegheit til å vise i praksis det andre hevdar dei kan når dei skal ut å søkje jobb, påpeiker Børnick-Sørhaug. 

Vinnaren blir kåra i kveld på Quality Hotel Residence i Sandnes. 

Danske Bank, BDO, NRØA (Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning) er medarrangør og har alle bidrege med oppgåver og case til konkurransen.

Einius Smolskas, Eirik Lieng og Per Christian Brander i «Raudt audotorium».

SATSAR PÅ GULL: Halvegs på finaledagen ligg kameratgjengen frå Noregs Handelshøgskule best an til å finne NM i økonomi ved Universitetet i Stavanger.