MENY

UiS vil bli Miljøfyrtårn

Universitetet i Stavanger tek sikte på å kvalifisere seg til å bli Miljøfyrtårn i løpet av 2018. Slik vil universitetet fastsette ein miljøpolitikk og sikre ei god utvikling mot å bli ein grønare campus.

  • Ole Ringdal og Roar Huseby i blomstereng.
    – UiS skal utvikle ein meir miljøvenleg campus og eit viktig steg på vegen er å sertifisere oss som Miljøfyrtårn, fortel universitetsdirektør Ole Ringdal (t.v.) som saman med direktør for bygg og arealforvaltning er i gang med eit omfattande sertifiseringsarbeid.
  • Gruppebilde i trapp.
    Ekstern miljøfyrtårnkonsulent, Unn Endresen, og miljøfyrtårnansvarleg på UiS, Arnljot Corneliussen, har med seg ei arbeidsgruppe som skal jobbe for å etablere UiS som Miljøfyrtårn. Frå venstre: Espen Haavardsholm, Jon Bjelland, Roar Inge Huseby og Gry Åse Tjørhom.

Universitetet i Stavanger er no i gang med å organisere si miljøinnsats i eit system som skal sertifisere universitetet som Miljøfyrtårn – i tråd med styrevedtaket som blei gjort 5. oktober 2017: Sertifisering som miljøfyrtårn.  

Miljøfyrtårn er i botn eit digitalt system bedrifter kan bruke for å jobbe konkret og systematisk for meir berekraftig arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.

– UiS skal utvikle ein meir miljøvenleg campus og eit viktig steg på vegen er å sertifisere oss som Miljøfyrtårn, fortel universitetsdirektør Ole Ringdal.

Arbeidet er organsiert i ei eigen arbeidsgruppe kor deltakarane har ulike ansvarsområde, med blant anna ein miljøfyrtårnansvarleg, Arnljot Corneliussen, og ein ekstern miljøfyrtårnkonsulent, Unn Endresen. 

Målet er å bli sertifisert innan 2018. 

Dokumentere miljøinnsats

Å vere Miljøfyrtårn betyr at ein satsar systematisk på miljøtiltak i kvardagen. Dette gjer UiS allereie i stor grad, blant anna gjennom energisparing og gjennom UiS sitt systematiske med arbeidsmiljø og HMS.

– UiS ønsker å vise samfunnsansvar og dokumentere miljøinnsatsen som blir gjort systematisk i heile organisasjonen, seier Ringdal som påpeiker at dette konkret betyr satsing på det å senke CO2-utsleppa, minske energiforbruk og betre avfallshandteringa.

Ringdal fortel at UiS har eit reelt ønskje om å drive fram eit meir berekraftig campus og ser fram til utviklinga mot fleire studentbustader på campus, noko som vil bety mindre CO2-utslepp med tanke på transport.

Miljøstasjonar

Direktør for avdeling for bygg- og arealforvaltning, Roar Inge Huseby, leier blant anna arbeidet med å sortere og handtere avfall.

– Dette er noko vi veit studentane er opptekne av. Difor jobbar vi no saman med studentane og Studentsamskipnaden i Stavanger og Statsbygg for å få på plass fleire miljøstasjonar og skape gode ordningar for sortering av avfall på campus.

Dei nye miljøstasjonane vil vere på plass ved årsskiftet.

Oppmodar tilsette å reise kollektiv

– For at UiS skal bli grønare, må også kvar enkelt tilsett bidra. Både gjennom systematisk arbeid i kvar einskild avdeling når det gjeld avfallshandtering og når det gjeld å inspirere kvarandre til meir miljøvenleg åtferd, fortel Ringdal som viser til HjemJobbHjem-billetten som betyr at du som UiS-tilsett kan reise så mykje du vil med buss og tog i heile Rogaland, samt få fri bruk av bysyklar for kun 515 kroner i månaden.

Ringdal håper også at den nye kollektivaksen med betre buss- og sykkeltrasé gjennom Ullandhaug, når Stavanger universitetssjukehus finn sin plass på Universitetsområdet, vil auke talet på dei som vel å reise meir miljøvenleg til og frå jobb.

Ei ordning med bysyklar på campus kjem truleg på plass våren 2019.

Naturleg blomstereng

UiS har denne sommaren fått si fyrste naturlige blomstereng. Den ligg vest for Kitty Kiellands hus og er laga av Statsbygg sin gartnar.

– Blomsterenga er ein pilot for å skape meir naturmangfald. Ei slik eng er venleg for insekta og krev mindre vedlikehald, påpeiker Huseby som legg til at dette er berre ein av mange tiltak på vegen mot ein grønare campus.

Tekst: Karen Anne Okstad