MENY

Ungdommar fekk smakebit av studentlivet

Måndag fekk 240 tiandeklassingar prøva seg som studentar ved Universitetet i Stavanger. Elevane krona si første forelesing om ”Darwinekspedisjonen” med klapping og jubel.

Enorme skilpadder, edderkoppar, fossilfunn og turar i regnskogen i Amazonas. Forskar Jens Ådne Rekkedal Haga hadde mykje spennande å fortelja tiandeklassingar frå Ullandhaug og Gosen skole då dei besøkte UiS under ”Forskingsdagane”.

Darwin
I 2008 reiste Haga og to andre norske biologar Sør-Amerika på kryss og tvers. Målet var å oppleve noko av det same som den britiske vitskapsmannen Charles Darwin gjorde på si reise for meir enn 170 år sidan. Måndag fekk tiandeklassingane høyre meir om kva dei opplevde på turen.

- Dette var kjekt! Me har hatt om Darwin på skulen og det var interessant å høyre om reisa, seier Trine Hansen frå Gosen skule.

Kva ho skal bli, har ho ikkje bestemt seg for. Men planen er å ta realfag ved St.Olav, slik at ho står fritt til å velje kva utdanning ho vil seinare. Om ho nokon gong endar opp som forskar er uvisst. Men med ei mor som nettopp tok doktorgrad, veit Trine Hansen i alle fall at det krev mykje arbeid.

Nytt tilbod
Ungdomsuniversitetet er eit nytt tilbod under årets ”Forskingsdagar”. Prosjektet er eit samarbeid mellom UiS og Tekna - Teknisk-naturvitskapleg foreining. Erfaringane med barneuniversitet i fjor var så gode at dei i år også ville prøve med eldre born. Til saman 240 14-15-åringar sette seg måndag i benkerekkene i rom A3 i Kjell Arholms hus. Fleire hadde med seg penn og papir, og noterte flittig undervegs.

Regionleiar for ”Forskinsdagane”, Suvada Veledar, seier føremålet med å få barn og unge med på festivalen, er å vekkje ei interesse for forsking tidleg. Gjerne før dei vel yrkesretning. På den måten kan ein sikre rekruttering til forsking i framtida.

- Det ser både morosamt og vanskeleg ut å vera forskar, meiner Martine Aarseth Kyvik.
- Reisene er sikkert kjekke, men dei må jo og finna samanhengar.

Kritisk tenking
- Målet for oss som var med i "Darwinekspedisjonen" er å få folk til å tenke sjølv. Forskaren må også vera kritisk og tenke på kva han ser og driv på med, seier Jens Ådne Rekkedal Haga. Ifølgje forskaren er kritisk tenking, og det å stille dei viktige spørsmåla, noko barn og ungdom kan inspirerast til.

- Darwin definerte si eiga utdanning frå han var veldig liten. Han var ikkje tilfreds med det skulane formidla, og knytte i staden kontakt med forskarar og sette i gang eigne tankar heilt frå grunnen. Saman gjekk dei turar langs kysten og diskuterte det dei fann, fortel Haga.

Det uventa
Men å vera forskar betyr ikkje at ein berre kan springa ut og observera. Først må ein ha teoretisk forståing for det ein skal sjå nærare på. Og ifølge Haga startar biologiske revolusjonar oftast når ein finn noko ein ikkje hadde forventa seg. Eller motsett; når det ein hadde forventa seg ikkje skjer. Slik fann ein mellom anna ut om penicillinet.

- Ungar har ei eiga evne til undring og oppfinnsemd. Spør vi vaksne kvar dei ville hatt eit sett med ekstra auge, svarar dei ofte i nakken. Ungar har fortalt meg at dei ville hatt auge på rista, slik at dei kunne sjå under ting. Og ein gut sa han gjerne ville hatt auge på rommet til søstera, slik at han kunne sjå kva ho gjorde, smiler Jens Ådne Rekkedal Haga.

Meirsmak?

Kanskje blei spira til ei ny interesse sådd denne dagen? For etter å ha høyrt om Darwin og sett utstilling om han, var tiandeklassingane på omvising i biblioteket ved UiS. Og dei mange studentane som las og gjorde gruppearbeid såg visst ut til å synast at livet ikkje er så aller verst - sjølv om det er mykje som skal lærast.

Tekst og bilete av Janet Molde Hollund