MENY

Utdanning avgjerande for utvikling i verda

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er ikkje i tvil om kva verdi utdanning har for utvikling i verdas land. – Utan utdanning får vi ingen framgang, seier Solheim.

UniverS har snakka med statsråd Erik Solheim om verdien av utdanning og utveksling av kunnskap på tvers av landegrenser. Han meiner utdanning er avgjerande for at verda skal gå framover.

– Utan utdanning kan vi ikkje handtere grunnleggjande problem i samfunnet. Vi kan til dømes ikkje løyse helseproblema, seier Solheim og nemner Bangladesh som døme på eit land der det blir satsa sterkt på å få barn og unge inn i skulen.

– Stadig fleire barn i verda blir no innrullerte i skulen. Dette er på veg opp. Men kvaliteten kan sjølvsagt vere låg sjølv om skulane er mange. Difor må det samtidig satsast meir på høgare utdanning. Det er betre med ein god lærar i ei rønne enn ein dårlig lærar i eit slott.

At det er viktig for eit universitet å knyte band på tvers av landegrenser, er statsråden heller ikkje i tvil om. Både gjennom studentutveksling og gjennom samarbeid om forsking og utdanning.

– Ei investering
– Å knyte band på tvers av landegrenser gir gjensidig vinning. Fleire studentar bør ta delar av studia i utlandet og ikkje berre reise til dei mest populære stadene. Fleire burde til dømes dra til India og USA, seier Solheim, før han nemner at talet på studentar som reiser til USA i studietida, har gått ned.

– Fleire burde òg dra til utdannings-institusjonar i den tredje verda, anten som førelesarar, studentar eller forskarar. Og fleire burde kome til Noreg på besøk. Satsing på utveksling og tettare band mellom land er å investere.

At forskarar går saman i prosjekt om utveksling av kunnskap på tvers av landegrenser, er av uvurderleg verdi, ifølgje statsråden.

Setje dagsorden
– Kor viktig det er at forskarar går saman om kunnskapsutveksling, er FNs klimapanel eit svært godt døme på. Med dette fekk ei gruppe forskarar satt klimautfordringa på dagsordenen for ei heil verd. Dette er eit døme på kor viktig det er med samarbeid og utveksling av kunnskap mellom land, seier Solheim og held fram:

– Saman kan forskarar innanfor ulike fagfelt gi oss betre forståing av klimakrisa og utvikle ny teknologi som kan hjelpe oss til å løyse krisa. Universitetet i Stavanger speler ei viktig rolle i arbeidet med å få fram ny kunnskap og har spelt ei viktig rolle i det at Noreg er blitt ein oljenasjon som går i spissen, seier han.

Ser til Noreg
Ifølgje miljø- og utviklingsministeren er det mange utdannings- og forskingsmiljø i verda som set verdien av internasjonale relasjonar høgt, og mange av dei ser til Noreg.
– Andre land ser til Noreg på grunn av oljeproduksjonen vår. Olja er jo ein av våre største suksessar. Fleire misunner oss det systemet vi har som ikkje er korrupt. Andre ser til Noreg på grunn av dei høge miljø-standardane vi har. Generelt blir vi sett på som ein viktig energinasjon i vid forstand, seier Solheim.

– Også når det gjeld kvinners plass i samfunnet blir Noreg lagt merke til. Vi blir gjerne sett på som ein kvinnenasjon, der kvinner gjer det betre enn menn i mykje, mellom anna i skulen, der jenter gjer det betre enn gutar i dei fleste fag. Vi står fram som ein nasjon der likestillinga har kome langt, fortel han.

– I tillegg er det mange som ser til Noreg på grunn av engasjementet vårt i internasjonale fredsprosessar. Noreg har spelt ei viktig rolle som meklar i mange konfliktar, seier Solheim før han ramsar opp shipping og fiskeoppdrett som andre døme der Noreg er føregangsland.

Språk og engasjement
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim har oppmodinga klar til studentar og forskarar som vurderer å ta delar av studia eller forskingstida i utlandet.

– Fleire burde som nemnt dra til USA, der det mellom anna er stor aktivitet knytt til klimaspørsmål. Utan USA kan vi heller ikkje løyse verdsproblema. Også land som Kina og India har framifrå universitet. Det same gjeld Brasil og Sør-Afrika, seier han.

– For å kunne utveksle kunnskap på tvers av landegrenser er språk heilt grunnleggjande. Vi treng folk som kan spansk, kinesisk og all verdas språk. Vi treng breidde både i språk og fagområde, seier han og konkluderer:

– Det er viktig å engasjere seg i studia og forskinga, men òg utanfor vanleg arbeidstid og studietid. Fleire bør bli med i solidaritetsorganisasjonar og engasjere seg på fritida. Då trur eg du blir ein betre forskar og ein betre student.

Tekst: Silje Stangeland
Foto: Tore Berntsen/regjeringen.no

Les heile UniverS 04/07!