MENY

Utviklingsarbeid for pedagogar

Rennesøy kommune og Institutt for førskulelærarutdanning ved UiS har inngått samarbeid om vidareutdanning av alle pedagogiske leiarar og styrarar i kommunens barnehagar.

Studiet har tittelen ”Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen” og har eit omfang på 30 studiepoeng.

- Det er unikt i etter- og vidareutdanningssamanheng at ein liten kommune sørgjer for at eit heilt kollegium får eit kompetanseløft samtidig. Ofte blir etter- og vidareutdanning og kompetanseheving nedprioritert i sektoren når det er mangel på arbeidskraft, seier koordinator for studiet Lill Susan Vale ved Senter for fleksibel læring og kompetanseutvikling, FLEKS.

Tysdag 5. februar skal professor Ingrid Pramling Samuelsson, professor II ved UiS, halde det første seminaret for studentane på Rennesøy. På seminaret vil også skulesjefen, nokre av kommunens politikarar og sentrale personar i helsetenesta vere tilstades.