MENY

Vaksineringa i gang

Sjukepleiarstudent Johanna Nordbø var fyrst i køen då dørene opna for vaksinering mot svineinfluensa i dag.

Som tidlegare annonsert, legg Stavanger kommune og UiS til rette for vaksinering på Campus Ullandhaug i dag og i morgon. Både tilsette og studentar kan nytte tilbodet.

Johanna Nordbø, Rebekka Pettersen og Maren Melhus var blant dei aller fyrste som fant vegen til Tjodhallen i ettermiddag. I likskap med fleire av vaksinatørane, tek dei andre året av bachelor-studiet i sjukepleie.

Vil ikkje ha influensa
– No skal vi snart ut i praksis, og då har eg ikkje lyst til å bli smitta eller sjølv smitte nokon andre. Eg vil heller ikkje ta sjansen på å gå glipp av praksisperioden på grunn av influensa, seier Nordbø.

Hennes to medstudentar, Rebekka Pettersen og Maren Melhus, er nøgde med både tidspunkt og sted for vaksineringa.

– Det er veldig bra at vi kan få vaksinen her kor vi er, meiner Melhus.

Passar no
– Før jul var eg oppteken med eksamenar, og eg fekk heller ikkje tatt vaksinen i romjula. Difor er det fint å ta den no, seier Pettersen.

Vaksineringa fortset tirsdag mellom klokka 10 og 15. Tilsette og studentar kan ta med seg personnummer til Tjodhallen og bli vaksinert. Det kostar 150 kroner.