MENY

Vann bloggejobb i Texas

I dag startar UiS-student Kristin Toftevåg ein sommarjobb utom det vanlege. Ho skal blogge for eit oljeseserviceselskap og får mellom anna reise til Houston.

– Eg skal ta del i forsking på CO2-fangst og blogge om det. Dette blir nok den kjekkaste sommarjobben eg nokon gong har hatt. Eg trur eg kjem til å lære enormt mykje, seier studenten.

Toftevåg tar bachelor i petroleumsteknologi og er opptatt av sosiale medium. Dermed var ho ein perfekt kandidat for selskapet AGR Petroleum, som ønskjer hjelp til å lære meir om sosiale medium .

Houston
Jobben går heile sumaren, med både Stavanger, Oslo og Houston som arbeidssted. Høgdepunktet blir sjølvsagt dei to vekene i Texas.

Toftevåg vart vald blant over 60 kandidatar som søkte på stillinga via Facebook. To studentar vart valde – Toftevåg og ein student frå NTNU.

Aktiv student
24-åringen oppdaga utlysinga mens ho var med i ei anna konkurranse, som gjekk ut på å bli konsernsjef i Adecco for ein månad. Også her gjorde petroleumsstudenten det skarpt. Blant 2300 studentar kom ho heilt til nest siste finalerunde.

Kristin Toftevåg er også aktiv i studentmiljøet ved UiS. Ho har mellom anna vært sentral både i organisasjonen Start UiS og i studentrevyen i Stavanger.