MENY

Vellukka hjelp frå bustadassistentar

I sommar hjelpte bustadassistentar nye studentar med å finne ein stad å bu i Stavanger. Ifølgje leiar Anders Aas Nordin i Velferdstinget i Stavanger var prosjektet så vellukka at han vil det skal vidareførast.

– Vi håper å kunne halde fram med tilbodet, seier Nordin, som fortel at det var 210 studentar som melde si interesse i sommar då tilbodet om bustadassistentar blei lansert.

Det var 42 nye studentar som fekk seg hybel på denne måten. Ordninga blei finansiert av Studentsamskipnaden i Stavanger og fleire av skulane som er representerte i velferdstinget.

Bustadassistentane i Stavanger (BAS) hjelpte dei nye studentane med råd og rettleiing om leigemarknaden i Stavanger- og Sandnes-regionen, og dei gjekk også på visingar for studentane eller saman med studentane.

Det var UiS-studentane Sverre Gaupås og Jonas Russell Vastveit som i sommar fekk i oppdrag av velferdstinget å vere bustadassistentar.

– Det er kjekt å sjå at studentane nytta seg av tenesta. Tilbodet er gratis, og vi håper å kunne hjelpe studentar på bustadjakt neste sommar òg, seier Nordin.

Denne saka stod på trykk i Univers nr. 2 2013, der temadelen tok for seg behovet for studentbustader.

Les også:
Studentbustader på sparebluss (temasak  i Univers nr. 2 2013)
Frir til næringslivet for å dempe boligkrisen (temasak  i Univers nr. 2 2013)
90 nye bustader til stipendiatar og internasjonale studentar (temasak  i Univers nr. 2 2013)
Boksåpning på campus (temasak  i Univers nr. 2 2013)

Det var UiS-studentane Sverre Gaupås og Jonas Russell Vastveit som i sommar fekk i oppdrag av velferdstinget å vere bustadassistentar. (Foto: Alexander Solheim, Studio Solheim)

FEKK MANGE OPPDRAG: Det var UiS-studentane Sverre Gaupås og Jonas Russell Vastveit som i sommar fekk i oppdrag av velferdstinget å vere bustadassistentar. (Foto: Alexander Solheim, Studio Solheim)