MENY

Vellukka internasjonal dag ved UiS

Det var smekkfullt i SiS sportssenter i går, då Universitetet i Stavanger, i samarbeid med SiS, StOr, internasjonal studentunion og Ugå, for tredje gong arrangerte internasjonal dag på universitetet

Nær 50 ulike aktørar, blant dei både lokale og internasjonale studentar og tilsette, var involvert i arrangementet med matlaging, standpresentasjonar, musikalske innslag og planlegging av arrangementet. Innsatsen deira var enorm, og entusiasmen stor.

Utdanningsdirektør Kristofer Henrichsen opna arrangementet med å vise til at føremåla med dagen var fleire. For det første ønskte ein å vise at UiS er ein internasjonal campus som satsar på internasjonal samarbeid. Vidare håpa han at arrangementet ville vere med på å freiste lokale studentar å reise ut på utveksling gjennom universitetet sine avtalar, men og at det kunne vere med på å integrere dei om lag 300 internasjonale studentane på campus i studentmiljøet i Stavanger.

Studentar og tilsette ved UiS fekk smake på både norsk og internasjonal mat. Dei fengande rytmane frå bandet ”Funny how?” trakk nok mange studentar, men fleire stoppa óg opp ved dei ulike informasjonsstanda for studietilbod i utlandet.

Les mer om ISU