MENY

Vil kumlokke turistane

Det kan gjemme seg mange skjulte mysterier og historier på verdas kumlokk. Kumlokksafari kan gi turistar nye opplevingar, meiner nestor ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.

– Det ligg mykje historie i kumlokk, fortel førstelektor Øyvind Sirevaag ved 100-års jubilanten Norsk hotellhøgskole ved UiS.

No oppmodar han byar og stader til å invitere turistar på kumlokksafari.

Gjennom mange år har Øyvind Sirevaag samla på bilete og historier om kumlokk frå byar verda over.

Kumlokkentusiasten meiner Noreg har mykje å lære av andre land når det kjem til kumlokk.

Attraksjonar og kompass
– Japan og Portugal utmerkar seg med sine kumlokk. I desse landa er dei flinke til å bruke flatene på bakken for å nå turistar.

– I Japan er kumlokka svært dekorative, gjerne med motiv frå japanske hagar eller frå eventyrforteljingar. Faktisk brukar japanarane også fargar på kumlokka sine, fortel Sirevaag.

I London og i Boston, USA, er kumlokk blitt brukt for å guide turistar rundt i byene frå attraksjon til attraksjon. I Berlin er dei seks mest kjente attraksjonane avbilda på kumlokk. I Italia finst det eit eige kumlokkmuseum.

– I Noreg er det som oftast kommunevåpen på kumlokka, men i Bergen brukar dei faktisk kumlokka til å vise fram det byen har av attraksjonar, seier Sirevaag.

Kumlokksafari
Det er ein tydelig trend i verda at turistar ønskjer seg nye former for aktivitetsferiar. Til dømes vil stadig fleire turistar gjerne reise på tematiske safari, som isbresafari, elvesafari eller storbysafari, ifølgje Sirevaag.

Nestoren ved Norsk hotellhøgskole slår difor eit slag for kumlokksafari, og trur det kan bli ein ny vri som kan slå an hjå turistar.

– Det fine med kumlokksafari er alt ein kan lære så mykje ut frå motiv og utforming på kumlokka, som alt ligg der, rett under føtene våre.

– Eit kumlokk kan fortelje oss mykje om korleis byar har blitt til eller om verdiar eller symbol som står sterkt i byen. Særlig for turistar som er glade i kultur og som likar litt detektivarbeid, kan kumlokksafari bli ei spennande oppleving, seier Sirevaag.

Folkekjære eventyr
På eit kumlokk frå Okayama i Japan er det nemlig eit folkekjært eventyr som utspeler seg.

Med elegante linjer viser motivet ein gut med ein apekatt og ein hund ved si side. Over dei flyr ein fasan.

– Dette motivet er henta frå eit kjent eventyr i Japan, som heiter Ferskenguten. Eventyret er lagt til ein landsby som støtt og stadig fekk besøk av ein djevel. Ein dag blei det født ein prins i denne landsbyen, han kom ut av ein fersken. Det blei hans oppdrag å finne djevelen.

– Dei tre dyra skulle hjelpe han på denne reisa om dei fekk ei spesiell riskake av han. Det fekk dei, og saman med dei tre hjelparane klarte Ferskenguten å drepe djevelen, fortel Sirevaag.

Eventyrhelten her har stor symbolverdi i Japan. Han er den japanske erkeheleten som redda landet frå ein ytre fiende.

Puslespel og kunst
Sirevaag meiner byar i Noreg kan bli meir kreative i sin bruk av kumlokk i reiselivssamanheng.

I tillegg til å nytte kumlokk for å guide turistar til ulike attraksjonar, eller til å fortelje historiske forteljingar eller eventyr, ser Sirevaag også andre moglegheiter.

– Kumlokk kunne til dømes også blitt nytta som aktiviserande puslespel, der turistar fekk i oppgåve å setje saman kumlokk med motiv frå kjente stader i byen eller kommunen.

– Kanskje kunne lokale kunstnarar også hatt spennande idear å kome med i utforminga av nye kumlokk, seier Sirevaag.