MENY

Vondt blod mellom utvandra skandinavar

Den bitre strida om unionsoppløysinga strakte seg heilt over Atlanteren. I ein ny artikkel fortel førstelektor Olav Tysdal ved UiS om strida som førde til hat og mistillit mellom for lengst utvandra svenskar og nordmenn busette i USA.

Dei emigrerte skandinavane i USA hadde stort sett budd i fredeleg sameksistens heilt sidan midten av 1800-talet. Felles kulturell og språkleg bakgrunn førde til omfattande samarbeid og vennskap mellom dei norske, svenske og danske samfunna i USA.

Men den stadig eskalerande konflikten omkring den svensknorske unionen, som toppa seg i det dramatiske lausrivingsåret 1905, utgjorde ein alvorleg trussel mot dei gode relasjonane som var bygd opp i skandinavane sitt nye heimland.

Kvass konflikt
– Uvennskap og motsetningar kom sterkt til uttrykk i lausrivingsåret, særleg i dei store byane, kor det var busett titusenvis av skandinavar. Avisene rapporterte om trakassering og ufin behandling, og på sitt mest intense blei det oppfordra til valdshandlingar og krig, seier Olav Tysdal, universitetslektor ved UiS.

Han har studert konflikten, slik den blei presentert i fire svenskamerikanske aviser i perioden november 1904 til desember 1905.

Han fortel korleis den eskalerande heimlandskonflikten blei behandla og opplevd i USA, som var det mest populære emigrasjonsmålet for skandinavar.

Sterke bindingar
– Noko av det mest påfallande er korleis konflikten framkalla dei sterke bindingane mellom utvandrarane i USA og heimlandet. Eit fenomen med fleire parallellar i historia kor folk har busett seg i framande land, seier Tysdal.

Frå slutten av 1800-talet var det tendensar til kjedemigrasjon, fortel Tysdal. Denne forma for migrasjon er kjenneteikna av at utflyttarane held sterk kontakt med heimlandet.

– For nokre kan konfliktar i heimlandet vere årsaka til at dei flytter. Historia viser at dei fleste ofte tek med seg nasjonalisme og andre konfliktar til sitt nye land, seier Tysdal og viser til historiene om irane i England og polakkane i Tyskland, som fekk forbod mot å drive med nasjonalisme.

– Det verkar å vere eit allmenngyldig fenomen. Dei fleste vil alltid ha ei sterk binding til heimlandet, same kor dei hamnar.

Konsulatfeiden
Sjølv om konflikten mellom svensk- og norskamerikanarar hadde ulma ei stund, med forsterka effekt etter 1880 og ved parlamentarismen i 1884, var den såkalla konsulatfeiden i 1905 ein direkte utløysande faktor.

– Fleire i Noreg meinte Sverige hadde brote lovnaden frå 1903 om at Noreg skulle få opprette eit eige konsulat. Dei hevda at det då kunne vere like greitt å trekkje seg ut av unionen.

Svenskane strekte seg langt og var imøtekomande, sjølv om dei var godt nøgde med status quo. Dei meinte unionen framleis hadde sterk legitimitet, ikkje minst som ein mektig allianse mot framande makter.

– Det er interessant å studere retorikken i dei svenskamerikanske avisene på denne tida. Nordmenn blir mellom anna omtalt som sytepavar og galningar, og politikarane får høyre at dei har ein feil i sjela. Korrespondentar i Stockholm meinte deira norske brør ikkje visste sitt eige beste, seier han.

– Ein revolusjon
Men det som verkeleg sette dei svenskamerikanske sinna i kok, var det dramatiske norske stortingsvedtaket om lausriving, som kom den 7. juni 1905.

I overskrifta på leiarartikkelen i den svenskamerikanske avisa Nordstjernan stod det «Revolusjonen i Norge». Same formulering kom også til uttrykk i amerikanske aviser, som i The New York Times.

– Den svenske korrespondenten i Nordstjernan, C.A. Sachs, var ein av dei mest tonegivande skribentane under konflikten. Han raljerte omsynslaust med den svenske regjeringa. I fleire av breva sine frå Stockholm om bruk av militærmakt mot Noreg formidla Sachs argument for å setje den bortskjemde og trassige naboen på plass. Sverige var militært mykje sterkare, og mange meinte landet burde gjere kort prosess, fortel Tysdal og held fram:

– Fleire av dei svenskamerikanske avisene kom også med rasande utbrot mot si eiga regjering, som dei meinte var for ettergivande og milde mot nordmennene.

Grasrota tek fyr
Den hardaste retorikken fanst i lesarbreva, både i dei svenske- og norskamerikanske avisene. I tillegg til den generelle misnøya med at Noreg var eit slags B-lag, underlagt eit anna land, meinte norskamerikanarane at svenskane oppførde seg som eit herrefolk også i USA.

– Biletbruken i fleire av lesarinnlegga er svært interessant. Svenskamerikanarane meinte nordmennene oppførde seg som ein foruretta veslebror, at dei var arrogante og leid av mindreverdskompleks. Det saklege nivået var ikkje alltid like høgt, seier Tysdal, som fortel at svenskamerikanarane kom med mange sterke karakteristikkar av nordmenn.

– Krigsmetaforar blei hyppig nytta. Motsetningane og den hatske stemninga i Skandinavia blei spegla på andre sida av Atlanteren. I lesarbreva kunne ein mellom anna lese at «These darned Norwegians! Now they have thought up some new tomfoolery», og vidare «The only thing the Norwegians should have had was a good thrashing. Nothing else works», «Good Lord, dear friends! How cosy and pleasant and agreeable the country will be when we get rid of the Norwegians and no longer have to see and hear them.»

Tysdal fortel at det stadig vekk kom nye skandinaviske innflyttarar, som tok med seg sine synspunkt og haldningar frå heimlanda, og som nørde endå meir opp under den bitre strida.

Forsoning til slutt
– Folkerøystinga om unionsoppløysinga den 13. august enda med eit knusande nederlag for tilhengarane av unionen. Tonen blei derfor mildare etter kvart, sjølv om somme stadig hevda at både «revolusjonsvedtaket» den 7. juni og folkerøystinga ikkje spegla folkemeininga i Noreg. C.A. Sachs hevda til og med at nordmennene var tvungne til å stemme nei, sjølv om berre 150 personar faktisk røsta nei, sier Tysdal og konstaterer:

– Dette til trass, det blei utbasunert i alle verdas horn at unionsoppløysinga var det energiske uttrykket for eit edelt og fritt folks energiske vilje, seier han og avsluttar:

– I ettertid var svenskamerikanarane også nøgde med utfallet slik det blei. Det som hadde vore ein bitter og langvarig konflikt, med reell krigsfare, enda heldigvis med forsoning. Fleire amerikanske aviser berømte til og med skandinavane for deira evne til å løyse den vonde konflikten på ein diplomatisk måte.

Olav Tysdal sin artikkel, The dissolution of the union between Norway and Sweden and the Scandinavian Americans, er teken inn til trykking i det amerikanske tidsskriftet Scandinavian Studies.

Tekst: Eivind Biering-Strand
Foto: Elisabeth Tønnessen