MENY

Ynskjer relevant praksis i fengsel

Arbeidspraksisen innsette får i fengsel skal bidra til at dei lettare kjem i jobb når dei er ferdige med soninga. Likevel er mange av praksisplassane ikkje relevante for arbeidsmarknaden.

 I ei tid der arbeidslivet har endra seg radikalt, er arbeidsplassane for dei innsette i norske fengsel stort sett dei same som etter reorganiseringa på 1960-talet. I Noregs største fengsel, Åna fengsel, er 40 prosent av arbeidsplassane innan jordbruk. Jordbruk gjev i dag arbeid til tre prosent av arbeidsstokken i Noreg.

– Det utgjer eit problem at delar av arbeidspraksisen dei innsette får i fengsla, ikkje er relevant for arbeidsmarknaden, seier Hildegunn Sagvaag, førsteamanuensis ved Institutt for helsefag ved Universitetet i Stavanger.
Ho har leia arbeidet med rapporten Rett kurs. Ut av fengselet. Han er ei evaluering av prøveprosjektet KompAS, som blei gjennomført ved Åna fengsel i perioden 2007–2009.

Får dokumentasjon
Målet med prosjektet er at alle innsette skal kunne få dokumentasjon på arbeidet dei gjer under soning, og at arbeidsdrifta skal styrkje stillinga som reintegrerande faktor.
– Vi rår Åna fengsel til å utvide arbeidsplassane til å omfatte meir relevante yrke, slik at dei innsette får praksis som gjer det lettare for dei å kome i jobb etter soning, seier Sagvaag.

I Noreg har alle innsette aktivitetsplikt. Sjølv om mange av arbeidsplassane ikkje reflekterer arbeidsmarknaden, er det bra at aktivitetsplikta blir nytta til noko meiningsfullt, meiner Sagvaag.

– Dei innsette får papir på jobben dei gjer. Desse papira kan dei nytte i oppbygging av fagbrev. Slik sett er prosjektet KompAS unikt og verdifullt.

Rapporten understrekar at ein av dei viktigaste føresetnadene for å betre arbeidsdrifta i fengsel er at ein styrkjer samarbeidet mellom dei involverte instansane.
– Ei viktig side ved KompAs er at fengselet vidareutviklar samarbeidet med aktørar som Time vidaregåande skule, Nav (Arbeids- og velferdsforvaltinga) og lokalt næringsliv, seier Sagvaag.

Vil du vite meir?
Hildegunn Sagvaag, Institutt for helsefag, UiS
Tlf: 51834236

Tekst: Ida Gudjonsson
Foto: INGRAM