MENY

Yrkesmesse for sjukepleiarstudentar

Yrkesmessa er ein møteplass for praksisfeltet og sjukepleiarstudentar. Representantar frå praksisfeltet informerer om sin praksisstad og aktuelle ledige stillingar med tanke på rekruttering.

Yrkesmessa finn stad måndag, 14. januar i Kjell Arholms hus frå kl. 10.30 til 12.30.

Institutt for helsefag ved Universitetet i Stavanger har arrangert yrkesmesse for sjukepleiarstudentane i meir enn ti år. Den er eit supplement til andre fagmesser.

- Tilbakemeldingane har vore gode. I løpet av åra messa har blitt arrangert, har mange studentar blitt interessert og søkt stilling som fylgje av kontakten og informasjonen dei har fått der, seier Sigmund Slaattebræk, praksiskoordinator ved Institutt for Helsefag.

For alle sjukepleiarstudentane
Yrkesmessa rettar seg mot alle sjukepleiarstudentane, både dei som er i starten og slutten av studieløpet.

Studentane har praksis i både kommunehelsetenesta (sjukeheim og heimeteneste) og ulike avdelingar (kirurgiske, medisinske og psykiatriske) ved Stavanger universitetssjukehus. Det vil vere representantar frå alle desse områda på yrkesmessa i år.