MENY

Historiske filmskattar på YouTube

No er gamle filmskattar frå Misjonsarkivet i Stavanger tilgjengelege på UiS sin YouTube-kanal. Saman med NettOp har Hallgeir Skretting ved UiS digitalisert dei gamle filmane og gjort dei tilgjengelege på nett.

Gjennom EU-prosjektet E-CLIC har førsteamanuensis Hallgeir Skretting ved Institutt for medie- kultur og samfunnsfag og NettOp jobba med problemstillingar knytt til digitalisering av gamle filmar. 

Over heile Europa jobbar film- og videoarkiv med å overføre gamle filmskattar til digitalt format. Men mange små arkiv slit.

Saman med Misjonsarkivet i Stavanger og East Anglian Film Archive har Hallgeir Skretting og NettOp no sørgt for at fleire gamle misjonsfilmar frå regionen er blitt tilgjengelege igjen for folk flest. 

Sjå dei gamle filmskattane på UiS sin Youtube-kanal

Over hundre tusen sjåarar
Ifølgje Skretting blei misjonsfilmane som no ligg ute, i hovudsak produsert for å kunne visast på bedehusa. På 60-talet hadde filmane ofte godt over 100 000 sjåarar. Og i toppåret 1957 var det 150 000 nordmenn som såg filmar distribuert av det Norske Misjonsselskap. 

– Svært mange av dagens norske spelefilmar er ikkje i nærleiken av dei sjåartala som ein del av desse misjonsfilmane kunne vise til. Folk strøyma til bedehus og kyrkjer for å sjå eksotiske filmar frå ukjente kulturar, seier Skretting.

Saman med førsteamanuensis Turid Borgen, har Skretting også tidlegare laga ein dokumentarfilm om arkiveringa av dei gamle filmskattane. Også denne ligg no tilgjengeleg på YouTube.

Samarbeider med teateret
I forbindelse med Rogaland Teater si oppsetting av OH MY GOD, samarbeider Hallgeir Skretting no med teateret om eit undervisningsopplegg for lærarar om filmane og misjonshistoria.

I teaterstykket OH MY GOD møter vi nemleg Jacob, som er ferdig utdanna prest og misjonær. Etter årelange samtalar med Gud får han beskjed om å opprette eit filmkontor i heimbyen for å lage misjonsfilmar.

Oppsettinga har premiere den 22. september og Skretting synest det er stas å samarbeide med teateret.

– Det er veldig spennande at dei set opp ei førestilling som handlar om akkurat dette. Eg gler meg til å bidra og til å sjå stykket, seier Skretting, som også har forska mykje på dei gamle misjonsfilmane. 

Les også: Skattkammer for forskere