MENY

Universitetsbiblioteket

Universitetsbiblioteket er primært ein ressurs for universitetet sine tilsette og studentar. Biblioteket tilbyr også tenester til privatpersonar, andre bibliotek og næringslivet. Universitetsbiblioteket består av fire avdelingar.

Universitetsbiblioteket tilbyr mellom anna:

 

Avdeling Ullandhaug

Biblioteket på Ullandhaug er døgnope for studentar og tilsette. På Ullandhaug finn du alle typar leseplassar, frå stillesone og stillelesesal i underetasjen, til gruppebord, små bord, stå-bord og sofaer i første etasje. Kongsgårdsalongen er eit eige område i biblioteket med heilt spesiell stemning. 

Biblioteket sine samlingar dekker fagområda på Ullandhaug. Fagområda er organiserte etter fakultet. Sjå meir på fagsidene våre.

Det blir arrangert mange nyttige kurs og kjekke arrangement på Ullandhaug. Du finn oversikt her. 
 

Avdeling Bjergsted

Biblioteket for musikk og dans ligg i Bjergstedparken ved Kuppelhallen. Det dekker fagområda musikk og dans. Her kan du òg finna aviser, tidsskrift, lytte- og videorom og leseplassar. Biblioteket har ei stor musikksamling på LP og CD, med hovudvekt på klassisk, jazz og folkemusikk. Du kan velja mellom ca. 18000 noter for ulike instrument og besetningar.
 

Arkeologisk museum

Biblioteket på Arkeologisk museum er ope for museets tilsette, studentar, besøkande og alle andre med interesse for arkeologi. Fagområda arkeologi, botanikk, geologi, historie, konservering og museologi er godt dekka med relevant litteratur. Biblioteket har lesesalplassar og gruppebord. Bibliotekarane kan hjelpe med å finne artiklar og litteratur, søke i databaser, rettleie i EndNote og publiseringsrelaterte spørsmål.       
 

Medisinsk bibliotek

Medisinsk bibliotek skal bidra med spesialisert informasjonskompetanse slik at tilsette og studentar kan skaffe seg informasjonen dei treng til klinisk arbeid, forsking, fagleg oppdatering og utdanning. Bibliotekarane kan hjelpe med å finne fram, søke etter, og bestille litteratur. Biblioteket har utlåns- og innleveringsautomat, som gjer det mogleg å låne og levere bøker utanom bemanna opningstider.