MENY

OBS! Omdømmerisiko

18. nov. 2019
Inntrykket ein etterlet handlar ikkje berre om fakta og forskingsresultat, men og om form og framferd.

Arne Rettedals hus i skumring

I førre veke bragte E24.no ei sak om tre professorar ved Universitetet i Stavanger som skapte oppstuss. Bård Misund, Petter Osmundsen og Ragnar Tveterås har forska på skattemessige rammevilkår for havbruksnæringa med finansiering frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond. Om forskinga og resultata har dei tre professorane formidla ivrig på debattplass i den norske dagspressa.

Forskarar ved Universitetet i Stavanger har sjølvsagt fridom til å følgje sine eigne forskingsinteresser. At forskinga blir formidla for å opplyse det offentlege ordskiftet er berre heilt utmerka, uansett kva veg resultata måtte peike. Me skal jo «utfordre det velkjente, og utforske det ukjente.» Ekstern finansiering vil ofte ha ein innverknad på kva som får merksemd blant forskarar. At resultata frå forskinga ikkje er påverka av dei som står bak finansieringa reknar eg som sjølvsagt, og har heller ingen grunn til å tru noko anna denne gongen.

At forskarar ved Universitetet i Stavanger skaffar seg forskingsmidlar frå privat næringsliv er heller ikkje kritikkverdig. Tvert er det noko me oppmodar til. Ambisjonen for Universitetet i Stavanger er å samarbeide tett med privat næringsliv om å utvikle kunnskap som kan heve verdiskapinga i økonomien og legge til rette for betre velferd for samfunnet.

Problemet er at dei tre forskarane ikkje alltid har opplyst om kor dei har pengane sine frå. For dette har dei fått kritikk, på nyheitsplass, på kommentarplass, på leiarplass og i sosiale medium, der dei som er skeptiske til havbruk no fråtsar i det dei ser som eit tap av truverd. I tillegg har eg fått direkte meldingar frå framståande representantar frå Akademia i Noreg om at me bør rydde opp. Misund, Osmundsen og Tveterås har sagt seg leie for det som har skjedd. Det er bra. For kjerna i kritikken er heilt på sin plass, og han treff godt.

Sjølv er eg uroa av ei utvikling både i Noreg og internasjonalt der den frie forskinga er på vikande front i samfunnsdebatt og politikk. Det er eit tankekors at stadig fleire akademiske aktivitetar er underlagt næringslivssamarbeid, brukarstyring og agenda-basert finansiering. Sentrale politikarar har heller ikkje gått av vegen for å rette spit og spark mot forskingsmiljø som stiller seg i vegen for politiske ambisjonar og planar, til dømes for havbruk, energi- og klimapolitikk.

Samstundes har ei utarming av den krititiske journalistikken gjennom dei siste åra forsterka inntrykket av nyheitsarenaen som ei slagmark for ressurssterke særinteresser, der perspektiv, vinkling og innretting ikkje lenger er eit val frå uavhengige redaksjonar, men eit direkte resultat av partane sin kamp om merksemd. I slike tider er det spesielt viktig at forskarar er opne om alt som kan likne interessekonfliktar og eventuelle habilitetsproblem.

Oppslaget om dei tre forskarane ved Universitetet i Stavanger har samstundes fleire sider, som truleg har medverka til at saka er blåst ut av proporsjonar. Her er det for det første fullt samanfall mellom forskingsresultata og interessene til dei som har finansiert forskinga. Vidare gjeld forskinga ei sak som engasjerer, nemleg rammevilkåra for ei næring som mange meinar er underregulert. Dette er og konklusjonen frå det såkalla Lakseskatt-utvalet.

Det aktuelle forskingsprosjektet ved vår institusjon fall saman med lakseskatt-utvalet sin arbeidsperiode. Dette har reist mistanker om at prosjektet hadde som mål å øve direkte innverknad på utvalet sitt arbeid. Situasjonen blir neppe betre av at regjeringa let til å legge rapporten frå lakseskatt-utvalet i skuffa, og dermed ikkje vil følgje tilrådinga om ekstraskatt på den ekstraordinære innteninga i havbruksnæringa. Resultatet er at frontane i saka har blitt meir steile, og at det har blitt meir krevjande å skille fagleg usemje frå kritikken mot habilitet.

Ikkje desto mindre er eit omdømme alltid ei skjør sak. Det tek årevis å bygge seg eit godt omdømme, men med eit feilskjær kan alt rivast ned i løpet av dagar. For omdømmet er det heller ikkje alltid fakta og realitetar som er avgjerande. I all omgang med omverda må ein difor tenke nøye over form og framferd, kva for inntrykk ein risikerer å legge igjen, og ikkje minst kva for mistanker ein kan gje næring til.

Twitter: @Mohnitor