MENY

Reis med måte

13. januar 2020:
Meir medvit rundt reiseverksemda kan spare oss for CO2-utslepp, tid og pengar .

Mann sitter på flyplass og venter

Auken i folkesetnad og økonomisk aktivitet har ført med seg ei ubroten eskalering i utvinning og forbruk av fossile brensel, og ein tilsvarande vekst i utsleppa av CO2 og andre klimagassar. Resultatet er at klimaendringar og global oppvarming har segla opp som ein av dei aller mest alvorlege utfordringane i moderne tid.

Gjennom Paris-avtalen har ein forplikta seg til intensjonar om å avgrense auken i den globale middeltemperaturen til 1,5-2,0 grader celsius. Desse ambisjonane er skyhøge, og føreset ei markant omlegging av energibruk og åtferd i føretak, organisasjonar og på individnivå. I Noreg har dette ført til at den politiske merksemda har auka markant rundt berekraft, CO2-utslepp og klimaavtrykk frå universitets- og høgskulesektoren. Ministeren for forsking og høgare utdanning har til dømes sett i gong ein klimadugnad, som inneber utvikling av metodar og reiskap for måling og samanlikning av klimaavtrykk på tvers av norske universitet og høgskular, der mobilitet og reiseverksemd er heva fram som eit viktig område for oppfølgjing.

Merksemda rundt berekraft er på veg opp i heile den norske universitets- og høgskulesektoren. I konkurransen om forskingsmidlar, studentar og tilsette har UiS difor alt å tene på å etablere ein tydeleg profil på dette området. Når politiske ambisjonar, styringssignal og kjelder til ekstern finansiering av utdanning og forsking i aukande grad er knytt til berekraft, så må UiS tilpasse planar og prioriteringar deretter. Viktige institusjonar i sektoren (td UiO og UiB) har allereie etablert strammare retningslinjer for reiseverksemd. Ved UiS har styret bedt oss om å førebu forslag til vurdering og vidareutvikling strategien vår på lengre sikt. Utan å forskuttere prosessen er det vanskeleg å kome unna at berekraft og klimaavtrykk på eit eller anna vis vil bli eit gjennomgåande tema i strategien for UiS.

Ressursbruken ved reiseverksemd dreg vidare med seg økonomiske kostnadar, ikkje berre i form av direkte utlegg, men og gjennom bruk av verdifull tid. I ei tid der inntektene til UiS er forventa å flate ut, vil nøysemd i omgangen med utgifter ha positiv innverknad på det økonomiske handlingsrommet vårt på sikt. Men her er det viktig å balansere godt, slik at tiltak for å dempe klimaavtrykk og kostnader ikkje underminerer kjerneaktivitetane ved UiS. For ei viss reiseverksemd er viktig for å utvikle samarbeid og samspel med kollegar frå andre universitet, både innanlands og utanlands. Spesielt gjeld dette i forskinga vår, men i undervisning, administrasjon og samfunnskontakt vil ein og vere avhengig av reiseverksemd for å støtte opp om drift og vidareutvikling av Universitetet i Stavanger.

Dette er bakgrunnen for at ein ny reisepolitikk no er på trappene ved UiS. Det overordna målet er å løfte medvitet rundt reiseverksemda ved UiS, at alle blir betre klar over kva reiser fører med seg – av klimaavtrykk og kostnadar, og at alle tenker seg om ein gong ekstra når ein legg planar for reiseaktiviteten. Ambisjonen er ikkje at alle skal slutte å reise, men at reflekterer litt meir enn før rundt nytteverdi, kostnadar og andre konsekvensar før ein legg ut på reise. Nytenking om reise kan innebere kombinasjon og samanslåing av planlagde reiser, meir bruk av «fly-frie» møte, samt val av miljøvenlege transportmiddel.

Målet er ikkje å kvele alle tilløp til reising, men å oppfordre alle til å reise med hovudet. Fortsatt skal me oppmode til utveksling av studentar og tilsette. Fortsatt skal me legge til rette for samarbeid om forsking og undervisning. Og fortsatt vil ei viss reiseverksemd være viktig både for administrasjon, innovasjon og samfunnskontakt. Men om me alle tenker oss om ein gong ekstra før ein legg i veg, så kan summen av tilpassinga likevel bli at UiS reduserer klimaavtrykket, samstundes som me får meir tid og pengar til overs.