MENY

Tøft i toppen

12. desember 2019
Søking etter eksterne midlar skapar forbetring og utvikling, sjølv når ein ikkje når fram.

Bilde av Kjell Arholms hus

Til morgonen i dag fekk me nyheita om at fire nye senter er tildelt status som Senter for Fremragende Utdanning (SFU). Blant søkjarane var vårt eige SIMeLEARN-senter ved Fakultet for helsevitenskap, som diverre ikkje nådde opp. Med karakteren ‘Excellent’ var søknaden i toppsjiktet til siste sving, men det tippa diverre ikkje i vår retning denne gongen.

Då eg kom til stillinga som rektor var prosessen rundt SIMeLEARN-søknaden godt modna, og eg fekk gleda av å følgje søknaden gjennom finalerunden. Her blei eg kjent med eit framtidsretta prosjekt for utdanning og læring, kjenneteikna av høg kompetanse, nyskapande bruk av teknologi, og ikkje minst eit særs engasjert korps av prosjektdeltakarar. I tillegg kjem at prosjektet er orientert mot det helsefaglege området, som er strategisk viktig for Universitetet i Stavanger. Dermed har eg fulgt søknaden med stor interesse – og spenning! Og nettopp difor kjenner me vel alle at det er litt vondt å svelgje konklusjonen om at me måtte bite i graset akkurat i dag.

Konkurransen om eksterne midlar til forsking og undervisning er hard. Nyleg var eg på årleg møte mellom universitetsrektorane og leiinga i Forskningsrådet. Der kunne NFR-direktør John-Arne Røttingen fortelje at 87 prosent av løyvingane frå NFR til sektoren gikk til dei fem ‘gamle’ universiteta, medan berre 6,5 prosent gikk til dei ‘nye’ universiteta. Ved NFR er det vidare slik at berre 20 prosent av søknadane får tilslag. I gjennomsnitt skriv norske forskarmiljø dermed fem søknadar for kvart gjennomslag. Utdanning er ikkje heilt det same som forsking. Men uansett kostar det mykje å være med i dette spelet. Og spesielt om ein vil konkurrere mot dei beste. Og det vil me jo. Til gjengjeld kan slike søknadsprosessar legge grunnlag for læring, forbetring og vidareutvikling – på individnivå, for fagmiljøa, og for UiS som institusjon. Det trur eg de alle må ha kjent på i høve SIMeLEARN-søknaden.

Med dette kan me legge akkurat denne søknadsrunden bak oss. Om ikkje altfor lenge håpar eg at alle vil rette ryggen og sjå framover. For prosessen rundt SIMeLEARN-søknaden har mykje me bør glede oss over, og som me alle kan vekse vidare på. Sjølv er eg til dømes overtydd om at helsesektoren er kritisk avhengig av ny kunnskap for å møte behova frå ein aldrande og kravstor folkesetnad i åra som kjem. Her viser SIMeLEARN vegen for andre. Vidare er de det mi faste overtyding at dei som lykkast i å kople forskingsbasert kunnskap til utdanning gjennom bruk av ny teknologi og nyskapande løysingar for læring vil stå fram blant vinnarane i universitets- og høgskulesektoren. Igjen står SIMeLEARN fram som ein vegvisar til inspirasjon for mange andre.

No går det langsamt mot jul. Høgtida gjev høve til ein pust i bakken, til å lade batteria saman med dei nærmaste, samle krefter til å møte nye utfordringar i året som kjem. No håpar eg alle nytter høgtida godt, slik at me alle kan brette om ermane etter ferien. For utgangspunktet er fortsatt godt - og tida kjem med mykje å glede seg til.