MENY

Barnehage

Studentsamskipnaden har eigen barnehage. I SiS barnehage er dei opptekne av friluftsliv og det å vere ute med borna uavhengig av ver og årstid.

SiS barnehage og Bogafjellbakken naturbarnehage på arrangement i regi av Stavanger turistforeining. Foto: Torgunn Skrudland, Stavanger turistforeining

SiS barnehage ligg i gangavstand frå Universitetet i Stavanger. Dei har plass til 89 born i alderen 0-6 år, fordelt på seks avdelingar og har ope frå 7.30 til 16.30. Barnehagen har inngådd eit samarbeid med Stavanger turistforeining, der alle born og tilsette blir medlem. Barnehagen ynskjer å nytte nærmiljøet, der ein finn både skog, mark og sjø. Les meir om SiS barnehage.

Les om barnehageopptaket i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommune.