Opplev byen og kulturen!
Er du på jakt etter eit godt kultur- og uteliv, er Stavanger byen å vere i. Tilbodet er rikt og variert, og du når ikkje over alt det første året. Men heldigvis kan du studere ved Universitetet i Stavanger i mange år framover...
Kunst og kultur

Regionen har eit rikt kunst og kulturliv. Her er noko av det Stavanger og Sandnes kan by på:
• Tou scene: Kunstfabrikk med konsertar og utstillingar i Stavanger Øst. Held til i gamle Tou bryggeri sine gamle lokale.
• Rogaland teater
• Stavanger konserthus
• Stavanger kino
• Sandnes kino
Galleri:
• Nuart Gallery, Stavanger sentrum
• Kunstgalleriet ved Madlaveien like utanfor Stavanger sentrum.
Museum:
• Arkeologisk museum (ein del av UiS)
• Norsk oljemuseum
• Museum Stavanger - MUST
• Jærmuseet med blant anna Vitenfabrikken og Vitengården.
Du kan lese meir om kulturlivet i Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis.