Deretter kan vi ta båt inn i dei mystiske fjordane som ligg like innanfor Stavanger-halvøya. Dei berømte norske fjordane hamna på verdstoppen som reisemål i det prestisjetunge National Geographic Traveler. Og det er her dei tek til. Her ligg Lysefjorden med den skrekkvakre Preikestolen og den utrulege Kjerag, den råaste basehoppstaden i verda.
Kanskje kan det passe med ein kort biltur opp til variert skiterreng og alpinløyper av topp klasse? Eller vil du heller svinge innom ei av dei seks golfbanene som ligg innanfor ein halvtimes biltur frå universitetet?
Kort sagt - i Stavanger er det nok å ta seg til for deg som er interessert i å kome deg ut i det fri. Prøv sjøl!