Agnes Wigestrand Hoftun

Stipendiat i nordisk språkvitenskap

Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap

Bio

Eg er lingvist og tilsett som doktorgradsstipendiat i nordisk språkvitskap. I avhandlinga forskar eg på nynorskkompetanse hos nordiskstudentar, og eg undersøker òg korleis dei nyttar digitale ordbøker. Doktorgradsprosjektet mitt har eit mixed methods-design, med éin kvalitativ og éin kvantitativ studie. I den kvalitative studien undersøker eg korleis eit utval studentar bruker digitale hjelpemiddel (særleg ordbøker) når dei vurderer ein elevtekst og snakkar høgt om det dei tenker og gjer. Dessutan granskar eg den metalingvistiske kompetansen deira som kjem til syne i vurderingsarbeidet. I den kvantitative studien kartlegg eg normkompetansen hos nordiskstudentar ved fleire institusjonar. Innsiktene frå prosjektet kan vera nyttige i normeringsarbeidet, i utviklinga av norske ordbøker og andre hjelpemiddel, og i undervisning.

Eg underviser i eit bacheloremne om norsk språkstruktur og språkvariasjon og i eit masteremne i norsk som andrespråk. Eg leiar ei studentaktiv seminarrekke i nynorsk og ordbokbruk. Eg har òg fleire års erfaring innan andrespråksundervisning, både på NORINT-programmet (Norsk for internasjonale studentar) på UiS, hos Lingu Stavanger og som sjølvstendig næringsdrivande.

Frå tidlegare er eg utdanna master i nordisk og lesevitskap frå UiS, med ein bachelor i nordisk og engelsk frå UiS, med andrespråksemne frå UiB.

Faglege interesser

  • grammatikk
  • nynorsk rettskriving og normering
  • ordbokbruk (dictionary use, consultation behavior)
  • språklæring og språkleg medvit (language awareness)
Publikasjoner
  • Vitenskapelige publikasjoner
    • Hoftun, Agnes Wigestrand

      (2022)

      Consultation behavior in L1 error correction. An exploratory study on the use of online resources in the Norwegian context. I: Dictionaries and Society Proceedings of the XX EURALEX International Congress,12-16 July 2022, Mannheim, Germany.

      ISBN 978-3-937241-87-6.

      s.522-539.

  • Bøker og kapitler
    • Hoftun, Agnes Wigestrand; Ragnhildstveit, Silje

      (2017)

      «Det hele norske samfunnet»: Ein korpusbasert studie av substantivfrasar i innlærartekstar frå vaksne med norsk som andrespråk sett i lys av Det felles europeiske rammeverket for språk.

      Universitetet i Stavanger.

  • Formidling
    • Hoftun, Agnes Wigestrand

      (2022)

      Language teachers’ cognition on the Norwegian Nynorsk norm and digital dictionaries. What do pre-service teachers know, believe and do?.

      Doktorandenkolloquium;

      2022-05-25.

    • Hoftun, Agnes Wigestrand

      (2022)

      Consultation behavior in L1 error correction. An exploratory study on the use of online resources in the Norwegian context .

      XX EURALEX International Congress;

      2022-07-12 - 2022-07-16.

    • Hoftun, Agnes Wigestrand

      (2021)

      Intranorm optionality in Nynorskordboka.

      NoSLiP2021 5th Norwegian Graduate Student Conference in Linguistics and Philology;

      2021-03-11 - 2021-03-12.

  • Kunstnerisk produksjon
  • Kommersialisering
  • Cristin hovedlogo, Cristin current research information system in Norway