MENY

StaRus-konferansen 2014

Universitetet i Stavanger, IRIS, Rogaland A-Senter og Stavanger universitetssjukehus inviterer til eit inspirasjonsseminar for kunnskapsutvikling innafor rusfeltet 8. og 9. april, 2014.

I motsetning til i dei fleste andre land aukar døgnbehandlingskapasiteten i Noreg. På StaRus-seminaret i år ynskjer vi ikkje å fortsetje diskusjonen om vi treng døgninstitusjonar eller ikkje. Vi vil heller stille det langt viktigare spørsmålet: Kva skal vi bruke dei til? Det vil seie; for kva formål skal vi bruke dei? For kven skal vi bruke dei? Når i endringsprosessane skal vi bruke dei?

Får vi svar på desse spørsmåla, blir det kanskje også lettare å diskutere kva slags institusjonar vi treng, og kor mange.

Konferansen finn stad på KinoKino i Sandnes.

Tysdag 8.4.2014
Kl. 18.00-21.00 på KinoKino i Sandnes
Føredrag med Helene Risager, leiar av Senter for alkoholbehandling i Århus: «Nedbyggingen av døgnbehandlingen i Danmark: hva har vi tapt og hva har vi erstattet det med?»
Film: «Store gutter gråter ikke»

Onsdag 9.4.2014
Kl. 9.00-15.00 på Sola strandhotell
Tre korte innlegg frå brukar-, kommune- og TSB-ståstad og deretter open space der vi diskuterer temaet for seminaret frå alle dei innfallsvinklane som deltakarane ynskjer.

Målgruppa er alle som interesserer seg for kunnskapsutvikling innafor rusfeltet.

StaRus er eit samarbeidsforum for utvikling av rusmiddelforsking og består av Universitetet i Stavanger, IRIS, Rogaland A-Senter og Stavanger universitetssjukehus.

Kontaktpersonar:
Espen Enoksen, eaen@sus.no
Sverre Nesvåg, Sverre.Martin.Nesvaag@sus.no
Lilian Hapnes Kristiansen, LHKR@sus.no

UiS logo
Logoen til StaRus. Kvit tekst på blå og grøn bakgrunn.

Målgruppa for seminaret er alle som interesserer seg for kunnskapsutvikling innafor rusfeltet.