MENY

Møt UiS på ONS

Universitetet i Stavanger vil vere representert på tre utstillingar under ONS 2014. I år satsar ONS også ekstra mykje på studentane.

Foto av besøkande på UiS-IRIS sin stand på ONS 2014 UiS-IRIS sin stand på ONS 2014

I løpet av 40 år har ONS etablert seg som ein leiande møteplass for aktørar i olje- og energiindustrien. Som ein viktig utdannings- og forskingsinstitusjon for denne sektoren er naturlegvis UiS å finne på utstillinga.

Petroleumsforsking
I år vil UiS og IRIS ha ein felles stand med fokus på forskingssentra DrillWell og Det nasjonale IOR-senteret.

Denne standen ligg i Centre Court-området i Clean Energy Park (Hall M, stand nummer 1190) og har fått tittelen «Joining forces». Besøk våre forskarar der!

Greater Stavanger
Universitetet er også representert på Greater Stavanger si stand i Hall O (stand nummer 1350). Her vil tilsette frå UiS EVU fortelje om tilbodet innanfor etter- og vidareutdanning.

Job & Education zone
UiS har dessutan ein informasjonsstand i Hall K (stand nummer 172) i det som kallast Job & Education zone. Denne vil for det meste vere ubemanna, men det vil ligge ein del informasjon om tilboda ved UiS her.

Meir for studentar
ONS satsar ekstra mykje på ungdomane i år, mellom anna med ei eiga . Her kan studentar melde seg på for å kome på utstillinga og møte potensielle arbeidsgjevarar. Det gjeng føre seg i hall A frå klokka 08.30 til 12.15.

Sjå kart over messeområdet på ONS sine nettsider.

ONS 2014 Exhibitor logo