MENY

DEKOM – partnarskap skule

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling (DEKOM) er ei nasjonal kompetanseordning for grunnskulesektoren.

DEKOM – partnarskap skule

Utgangspunktet for DEKOM-ordninga er at utviklingsarbeidet skal bygge på utfordringar den enkelte skule eller kommune/fylkeskommune har. Ordninga skal bidra til at skuleeigarane sjølv gjennomfører eigne kompetanseutviklingstiltak i samarbeid med lærarutdanninga. Staten gir dei overordna rammene og premissa. Den desentraliserte ordninga skal bidra til å gjere utviklingsarbeidet meir føreseieleg og langsiktig for alle partane.

Med den utgangspunktet i denne ordninga har skuleeigarar i Rogaland, Fylkesmannen i Rogaland og UiS inngått eit langvarig partnarskap for skuleutvikling i regionen. Arbeidet skjer i regionale samarbeidsforum.  

Det er etablert samarbeidsfora i tre utdanningsregionar i Rogaland: Nord-Rogaland, Midt-Rogaland og Sør-Rogaland. Desse har med representantar frå kommunane, fylkesmannen, tillitsvalde  og universitets– og høgskulesektoren. (I Nord-Rogaland er også Høgskulen på Vestlandet involvert i arbeidet). Her planlegg aktørane utviklingsarbeidet, blir einige om kva tiltak som skal prioriterast, og avtaler korleis dei statlege midlane skal brukast.

UiS si rolle i DEKOM-ordninga

Som universitet i dette partnarskapet deltar UiS i desse samarbeidsforuma og fungerer som utviklingspartnar for skuleeigarar. Vi bidrar også med fagleg innhald i det lokale utviklingsarbeidet, det seg vere på nettverkssamlingar eller på den enkelte skule. Eit partnarskap kan også inkludere dei nasjonale sentra våre, Lesesenteret og Læringsmiljøsenteret. 

Her kan du lese meir om kva eit partnarskap med Lesesenteret kan innebere, og korleis Læringsmiljøsenteret jobbar med kompetanseutvikling i skulen. 

Det er også eit mål at både tilsette og elevar/studentar på skular og på universitetet skal utvikle kompetanse gjennom eit styrka samarbeid om teori og praksis. I Rogaland tar dette mellom anna form gjennom eit samarbeid med universitetsskular.