MENY

REKOM - partnarskap barnehage

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehage skal bidra til at barnehagar utviklar den pedagogiske praksisen sin gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling. Målet er å sikre at alle barn får eit barnehagetilbod av høg kvalitet.

REKOM - partnarskap barnehage

Ny rammeplan for barnehagen trødde i kraft hausten 2017. Den bygger videre på den norske barnehagetradisjonen der omsorg, lek, læring og danning blir sett i samanheng. Samstundes er den nye rammeplan tydeleg på at barnehagen pliktar å drive eit systematisk pedagogisk arbeid. Gjennom barnehagebaserte kompetansetiltak kan tilsette i fellesskap styrke sin kompetanse og pedagogiske praksis i tråd med rammeplanen.

Ordninga for regional, barnehagebasert kompetanseutvikling gir kommunane ansvar for kvalitetsutviklinga i barnehagane i langsiktige samarbeid med universitets- og høgskulesektoren.

Fylkesmannen forvaltar statlige midlar til barnehagebaserte kompetansetiltak, gjennom regionale samarbeidsforum. Der møtes barnehageeigarar (private og offentlege), fylkesmannen, universitet/høgskule, tillitsvaldre og andre relevante aktørar, og jobbar saman i eit likeverdig partnarskap.  

Desse samarbeidsforuma har ansvar for å prioritere, innrette og dimensjonere kompetansetiltaka i regionen. Dette bidrar til ei felles retning, kvalitetssikring og at det blir føreseieleg bruk av midlane for alle aktørar.

Kva er UiS si rolle?

Lokale universitet og høgskular skal bidra med forskingsbasert og praksisretta innhald i barnehagebasert kompetanseutvikling.

Gjennom kompetansen UiS har samla på nasjonale senter og på barnehagelærarutdanninga kan vi  som utviklingspartnar i eit REKOM-samarbeid bidra med barnehagebasert kompetanseutvikling knytt til språkutvikling og språkstimulering, livsmsetring, byrjande mobbeåtferd, fysisk læringsmiljø, lekbasert læring for dei eldste borna og leiing av eit trygt og godt barnehagemiljø.

Sentre ved UiS som kan inngå i eit partnarskap for barnehagebasert kompetanseutvikling er