MENY

Statsvitar Mikkjell jobbar som journalist

– Politikk gjennomsyrar kvardagen som journalist, seier UiS-alumn og statsvitar Mikkjell Lønning. Han er journalist i Jærbladet og redaksjonssjef i Gamer.no.

Mikkjel Lønning alumn statsvitskap
  • Namn: Mikkjell Lønning
  • Alder: 25
  • Noverande stilling og arbeidsplass: Journalist i Jærbladet og redaksjonssjef i Gamer.no
  • Kva studerte du: Eg starta på lektorprogrammet i historie i 2013, men fann ut at det ikkje heilt var mi greie. Difor gjekk eg over på statsvitskap året etter, og har kombinert litt enkeltemner her og der med fulltidsjobb fram til 2020. 

Kvifor valde du å studere statsvitskap ved Universitetet i Stavanger?

Eg har alltid vore interessert i politikk og historie, men historiefaget blei litt mykje pugging og litt for lite drøfting for min del. Difor verka statsvitskap som ein naturleg overgang. Der fann eg meg fort til rette med pensum, og starta ei kollokviegruppe for å diskutere aktuelle saker blant medstudentane mine. 

Kva hugsar du best frå studietida di ved UIS?

Det må vere venskapa eg har forma på vegen. Eg har funne fleire av dei beste venene mine på UiS. 

Kva del av studiet har du hatt mest nytte av i arbeidslivet?

Politikk gjennomsyrar kvardagen som journalist, enten det handlar om å skrive kommentarar om internasjonal politikk, om å følgje opp arbeidet til kommuneadministrasjonen i ei konfliktsak, eller å intervjue landbruksministeren om ei ny satsinga frå regjeringa.

Grunnkompetansen om oppbygninga til det politiske og administrative systemet i Noreg har vore utruleg viktig for meg i det daglege, medan pensumstoff frå fag som demokratiteori, miljø- og energipolitikk, makt og politikk og internasjonal politikk har blitt til mange gode kommentarar i tida mi hjå både Aftenbladet og Jærbladet.

Samstundes har kunnskapen i faga gjort meg i stand til å kome med interessante vinklingar på politiske saker som kanskje ikkje ville vore openberre for ein med bakgrunn på journalistikkstudiet. 

Kva liker du best med jobben din?

Livet som journalist er særs allsidig. Den eine dagen kjem kanskje næringsministeren på besøk, før du må ut på stranda for å intervjue badegjester, og over til å skrive kommentar om dataspel blant unge dagen etter igjen.

Det er heile tida noko nytt, og tempoet er høgt. Den type jobbing passar meg veldig godt. Det er òg nok med moglegheiter til å dukke ned i lengre prosjekt, om det så er ein gravesak om kommuneøkonomi eller eit portrettintervju over fem-seks sider i avisa om ein interessant person. 

Kva er dei beste råda dine til dagens studentar?

1: Skaff deg ei kollokviegruppe så fort som mogleg, og gjer gruppeoppgåvene som førelesaren legg ut. Viss ikkje så finn du sikkert nokre spørsmål bak i kapittelet i boka. Prøv å dra i gang diskusjonane, og finn måtar å kople pensum på aktuelle hendingar i nyheitene. Då er det veldig mykje kjekkare og enklare å lære pensum. Kjenner du ikkje nokon på studiet, så berre spør sidemannen. Dei sit høgst sannsynleg i same båt som deg.

2: Les jamt og trutt. Dei aller fleste kan klare å kave seg til ein C ved å pløye gjennom pensum ei veke før eksamen, eller til og med ein A viss ein jobbar heile veka, men du gløymer det meste to veker etter eksamen igjen. Den type læring er fullstendig bortkasta. Skal ein først investere nokre år av livet sitt i noko, bør ein gjere det skikkeleg. Igjen kan ei kollokviegruppe vere nyttig å ha, for då kan ein plikte seg til å lese ovanfor andre.

3: Motivasjon er noko vas. Disiplin er måten du lærer på, og måten du lukkast. Ha faste kvoter for kor mykje du skal lese den og den dagen, og legg ein plan. Det er tungt arbeid å følgje opp slikt dei første to vekene, men etter kvart går arbeidet meir av seg sjølv. Til slutt er du så inni rytmen at du får skuldkjensle av å ikkje jobbe. 

4: Bli med i ei studentgruppe. Slit du med å finne vener, så er dette ein fantastisk måte å bli kjend med nye folk på. Det kan verke skummelt å hive seg med på noko slikt, spesielt viss ein møter opp aleine og ikkje kjenner nokon, men du blir sannsynlegvis tatt imot med opne armar. 

 

Bli med i UiS alumni!