MENY

Luke 1

Rubens flammerøyr

Du treng:

Eit metallrøyr på 1-2 meter, med ein diameter på om lag 5 centimeter. 

Bor 2 millimeter hull i en rett linje på kvar femte centimeter. Den eine enden vert lukka med ein ballongmembran. Rundt denne membranen monterer me ei trakt for å fange opp lyden. I den andre enden vert ein gass-slange frå ei gassflaske kopla på.

 

Kva skjer:

Opne opp for gassen, slik at gassen strøymer inn i røyret. Tenn på gassen som strøymer ut av dei små hola i røyret. Spel musikk i trakta i den andre enden, då vil flammene bevege seg i takt med lydbølgene. Varier musikken du speler, då vil du sjå korleis lydbølgene varierer med musikken.

 Bølgelengda er avstanden mellom to bølgetoppar.

Det var Heinrich Rubens (1865 – 1922), tysk fysikar, som i 1905 konstruerte dette såkalla «Rubens flammerør» for å illustrere ståande lydbølger ved hjelp av ein brennbar gass i eit røyr. Sannsynlegvis inspirert av ei tilsvarande innretning, Kundts røyr, oppfunnen av den tidlegare læraren hans, der fin sand eller pulver vart brukt for same formål.

På eit møte i Vitskapsakademiet året etter Rubens’ død, sa Max Planck:

«Utan Rubens sitt bidrag ville formuleringa av strålingslova og dermed grunnlaget for kvanteteorien kanskje ha skjedd på en ganske annan måte, eller ikkje i Tyskland i det heile tatt».