MENY

Luke 10

Pytagoras sin kopp er ein ekte sølekopp

Du treng:

  • Eit drikkebeger i plast eller papp
  • Eit sugerøyr som kan bøyast
  • Ein limpistol og ei saks
  • Me brukte ein loddebolt til å lage eit rundt hol i botnen av koppen, men du kan lage holet enten med ei lita saks eller ein kniv.

 

Kva skjer:

Me klipte sugerøyret slik at den eine enden var litt lengre enn den andre. Så limte me saman sugerøyret slik at begge endane var nær kvarandre. Den lengste enden av sugerøyret stakk me i holet i botnen av koppen, før me tetta holet med ein limpistol.

Fyll vatn i koppen og sjå kva som skjer!

Så lenge vatnet er under staden der sugerøret er bøygd fungerer koppen som en vanleg kopp. Så snart nivået på vatnet kjem opp til «svingen» på sugerøyret, renn vatnet over kanten og ut gjennom holet i botnen. Sidan me har sørga for at utløpet er litt lågare enn inntaket inne i koppen, vil tyngda av vatnet inne i sugerøyret trekke med seg resten av vatnet slik at koppen vert tømt. Vasstraumen vil stoppe først når koppen er tom eller det kjem luft inn i sugerøyret. Dette er det same som hevert-prinsippet.