MENY

Luke 11

Korleis oppfører tørris seg på ei metallflate?

Du treng:

  • Tørris
  • Metallplate

 

Kva skjer:

Tørris som held ein temperatur på -78 oC går over frå fast stoff til gass – sublimerer – utan å smelte. Når den kalde tørrisen ligg på det varme bordet, skjer sublimasjonen raskt, og gassen som bygger seg opp mellom klumpen og bordet strøymer raskt ut, slik at tørrisen nærast svever over bordet, tilnærma utan friksjon. Dersom du legg tørrisklumpen på ei metallplate, vil den gi frå seg eit skrik. Det er straumen av gass som gir lyden vi kallar tørrisskriket.