MENY

Luke 12

Såpeboblematematikk!

Du treng:

Oppskrift på supersåpebobler:

  • 8 dl destillert vann
  • 2 dl Zalo
  • 0,5 dl glyserol
  • 1 klype sukker

Utstyr:

  • Eit par sugerøyr
  • Figurar til å lage såpehinner i. Vi laga fleire platonske lekamar: tetraeder, kube, oktaeder og trekanta prisme. 

 

Kva skjer:

Me dyppa figurane i såpeløysning, slik at såpehinna la seg inni figurane. Så tok me sugerøyret og blåste ei boble inn i midten av figurane. Bobla som danna seg fekk form av den platonske lekamen. Me fekk ei firkanta såpeboble inni kuben!

 

Så dyppa me sugerøyret i såpa og blåste ei boble på bordet. Deretter gjentok me det, men stakk sugerøyret inni den fyrste bobla, og blåste ei ny boble inni den fyrste. Dette gjentok me fleire gonger.

Såpeløysinga blir faktisk betre om du let ho stå nokre veker. Har du tilgang på polymerforbindelsar kan du eksperimentere med å tilsette bittelitt polymer, då kan du lage kjempedigre såpebobler.