MENY

Luke 13

Kva er det eigentleg som avgjer utslaget til ein pendel?

Du treng:

  • Eit par lodd med ulik vekt, me brukte lodd på 0,5 kg og 2 kg
  • Hyssing
  • Krokar til å feste hyssingen i

 

Kva skjer:

Me brukte ein 2 meter lang hyssing, og hengde opp begge lodda i kvar sin lengde hyssing. Deretter trekte me lodda ut til den eine sida i nøyaktig lik posisjon - og slepte. Lodda hadde tilnærma lik svingetid! Altså er det lengda på pendelen, ikkje lodda, som avgjer svingetida!

Dette forsøket kan du lett utføre sjølv. Du kan bruke ei bøtte og fylle den med varierande mengde sand, og undersøke kva som avgjer svingetida.