MENY

Luke 14

Foucault-pendel

Du treng:

  • Ein svingstol
  • Ein stav 
  • Ei kule og ein tråd
  • Eit atlas

 

Kva skjer:

Legg staven over armlena slik at staven ligg nøyaktig over svingstolaksen. Teip fast staven til armlena. Heng pendelen på staven nøyaktig over stolen sin rotasjonsakse. Legg eit atlas over Nordpolen på setet, nøyaktig over stolaksen. Set pendelen i plane svingingar. Drei langsamt på stolen. Då vil du sjå at pendelen fortset å svinge i det opphavlege planet, mens stolen roterer.

Dreier du stolen for fort rundt, vil pendelen svinge i ovalar, fordi opphengingspunktet ikkje er nøyaktig nok over stolen sin rotasjonsakse.

Om vi plasserer ein stor pendel nøyaktig på Nordpolen eller Sørpolen, vil den rotere 360 grader på eit døgn. Jorda roterer, mens pendelen svingar i same retning på grunn av tregheitsmomentet. På ekvator vil ikkje svingeplanet til pendelen endra seg fordi svingeplanet ligg loddrett i forhold til jordas rotasjonsakse. Rotasjonstida for pendelen er altså avhengig av breddegraden. 

I 1851 viste Jean Bernard Léon Foucault jordrotasjonen i Paris på denne måten. Han brukte ein 67 meter lang og 28 kilo tung pendel. Norges største Foucault-pendel finn me i realfagsbygget på NTNU, den er på 25 meter og bruker 26 timar og 46 minutt på ei heil omdreiing. På Vitenfabrikken i Sandnes har dei òg ein slik pendel, den roterer 310 grader på eit døgn.