MENY

Luke 15

Me lager ein papir-rakett som går på trykkluft

Du treng:

  • Papir (gjerne opp mot 160 gram)
  • Limband
  • Elektrikarrøyr 
  • Ei utskytningsrampe. Me brukte ei rampe av koparrøyr, med bilventil og kuleventil til å opne for lufttrykket
  • Sykkelpumpe

 

Kva skjer:

Vi brukte litt tjukkare papir (160 gr) enn vanleg kopieringspapir (80 gr). Rull dette arket rundt elektrikarrøyret, slik at det glir lett langs røyret. Lim dette saman som eit røyr med limband. Brett den eine enden saman og lim att. Me la litt plastilin inni papirrøyret som vekt i tuppen. Klipp tre finnar, eller venger, som du limer fast heilt bak.

Plasser raketten på utskytningsrampa, og pump opp trykket inni røyret. Vi pumpa opp til cirka 7 bar. Opne ventilen så raskt som mogleg. Det raskaste er å sparke opp ventilen.

Rakettane gjekk utruleg høgt til vêrs, kanskje heile 30 - 40 meter.

Rekorden vår er 122 meter. Men då lagde me større rakettar og brukte veldig solid limband, pumpa opp eit trykk på 15 bar, og rekna ut høgda matematisk.