MENY

Luke 16

Kva gøy kan skje med smelta stearin i kald cola?

Du treng:

  • Brus (den må vere iskald)
  • Stearin
  • Reagensrøyr
  • Gassbrennar

 

Kva skjer:

Me smelta stearin frå eit kvart telys ned i eit reagensrøyr over gassflamme og let voksen koke slik at den blei så varm som mogleg. Den iskalde colaen tømte me i eit begerglas. Så skunda vi oss å sette reagensrøyret på skrå ned i den kalde brusen.

Botnen på det varme reagensglaset sprakk med ein gong i den kalde brusen. Dette utløyste karbondioksidgassen i colaen, som igjen førte til at den varme stearinen blei slynga ut av reagensglaset. Dette fekk stearinen til å sjølvtenne av oksygengassen i lufta, og brenne med ein enorm flamme!

 

Ikkje gjer dette inne, pass på at det er vaksne til stades dersom du vil prøve dette!