MENY

Luke 17

Brennande rakett

Du treng:

  • Ei tom 1,5 liters-flaske.
  • Litt fiskesnøre
  • Sugerøyr
  • Limband

 

Kva skjer:

Me festa fiskesnøret mellom to punkt i rommet, slik at snøret vart hengande horisontalt. Så knytte me fast den eine enden, etter at den blei tredd innpå et sugerøyr. Den tomme flaska festa me til sugerøyret med limband. Til slutt spruta me inn ei brennbar væske i flaska. Me brukte lightergass, og venta til alt var fordampa. Så tente me på gassen med ei lunte. Gassen tok fyr med eit lite smell, og flaska fauk av garde som ein rakett!

Ein kan bruke mange forskjellige brennbare væsker, som hårlakk, lightergass eller alkohol.

 

Ikkje gjer dette utan at det er vaksne til stades!