MENY

Luke 18

Me lager ein roterande flamme

Du treng:

  • Ei 1,5 liters plastflaske 
  • Ein porselenskopp
  • Raudsprit eller metanol
  • Kjemikalium som brenn med farga flamme

 

Kva skjer?

Skjær plastflaska på langs, slik at ho kan stå fritt med litt opning mellom halvdelane. Fyll så litt brennbar væske i ei lita porselensskål som er plassert mellom halvdelane. Når væska vert sett fyr på, og flaskene skyv litt på seg slik at luft kan trekkast inn mellom dei, vil flammen rotere!

Me brukte raudsprit og koparsulfat, som brenn med ein stilig grøn flamme.