MENY

Luke 19

Van de Graaff-generator

Du treng:

  • Van de Graaff-generator
  • Diverse tilleggsutstyr til generatoren, som silkepapir-strimler, hyllemargkuler, hår m.m.

 

Kva skjer:

Van de Graaff-generatoren er oppkalla etter oppfinnaren, den amerikanske fysikaren Robert Jamison Van de Graaff, som i 1931 utvikla band-generatoren mange kjenner frå skuleforsøk.

Den produserer statisk elektrisitet ved at eit gummiband går over to tromler som er montert i kvar ende av bandet. Nedst ligg ein børste tett opptil bandet, som får tilført høg positiv spenning. Den vil derfor trekke ut elektronar frå bandet, som då blir positivt lada (underskot av elektronar). Inni den store metallkula øvst er det endå ein børste, som trekk elektronar frå den store kula via børsten til gummibandet. Når ladninga på kula er stor nok, vil me få ei utladning via den mindre kula som er kopla til jord. Dette er synleg som ein gnist.

Me monterte silkepapir som var festa til ei metallstong i den store kula. Dette papiret strutta til alle kantar, fordi like ladningar støyter frå kvarandre. Tilsvarande effekt fikk me ved å bruke hår og andre gjenstandar for å demonstrere effekten av statisk elektrisitet.

I prinsippet er dette det same som dei fleste kjenner til, at ein kan gni ein ballong i håret og gjere den statisk elektrisk - slik at den heng fast på veggen eller i taket.