MENY

Luke 21

Vindmølle

Du treng:

  • Ein vindmøllemodell med generator
  • Leidningar
  • Lysdiodar eller lyspærer
  • Lauvblåsar

 

Kva skjer:

Me monterte vindmølla fast til bordet og kopla leidningar til ei lyspære. Me nytta ein kraftig lauvblåsar for å få fart på vindmølla. Me måtte justere retninga på vindmølla for å få størst mogeleg effekt.

Ein generator er i prinsippet det same som ein dynamo. Den omdannar mekanisk energi til elektrisk energi ved hjelp av elektromagnetisk induksjon. Rotorblada er kopla til ein magnetisk jernkjerne som roterer i ein koparspole. Når denne roterer fort rundt, genererer den likestraum som er kopla til ei lyspære.

I alle vindmøller er det montert eit gir, i prinsippet tannhjul av ulik størrelse, for å kunne utnytte ulik vindstyrke effektivt.