MENY

Luke 22

Blyakkumulator

Du treng:

  • Eit glas til kvar celle, me seriekopla fire celler
  • To blyplater til kvar celle
  • Leidningar
  • Fortynna svovelsyre
  • Lysdiodar

 

Kva skjer?

Kople saman kretsen med lysdioden i. Hell i syre - ingenting skjer, fordi elektrodane er av same materiale. Det oppstår inga spenning mellom dei.

Blycellene må ladast: kople inn ei straumkjelde i kretsen, me brukte to 9,5 V-batteri i serie. Då ser du det vert danna gassbobler ved begge blyplatene. Etter ei lita stund vert det danna eit brunt belegg på den positive elektroden. Belegget kjem av at den blir oksidert, og det vert danna eit blyoksidbelegg på den. Den negative elektroden er uforandra.

Ta vekk straumkjelda, kople saman kretsen - då lyser lampa fordi den kjemiske forandringa på den eine blyplata gjer at det oppstår ein spenningsforskjell mellom blyplatene. Men den sløkker ganske fort. Akkumulatoren er då utlada, men den kan enkelt bli ladd igjen.