MENY

Luke 23

Stirlingmotor

Du treng:

  • Ein stirlingmotor
  • Varmt vatn 
  • Ein kopp

 

Kva skjer:

Stirlingmotoren er oppkalla etter oppfinnaren, den skotske presten Robert Stirling, som utvikla motoren i 1816.

I prinsippet er det ein varmekraftmaskin, som blir driven av ei utvendig varmekjelde.

Me kokte opp vatn, fylte ein kopp med varmt vatn, og plasserte stirlingmotoren oppå koppen. Vatnet varma opp botnplata på motoren, som igjen varma opp lufta inni motoren. Den varme lufta utvidar seg, og skyv opp eit stempel som er kopla til eit svinghjul som blir sett i bevegelse. Når stempelet blir skyvd tilbake, trekk det med seg kald luft utanfrå motoren, som igjen blir varma opp. Slik fortset motoren så lenge det er temperaturforskjell mellom varmekjelda, det varme vatnet, og romtemperaturen. Motoren vår gjekk i bortimot ein time på ein kopp med varmt vatn.

 

Stirling-motoren er ein stillegåande og vibrasjonsfri motor, med høgare verkningsgrad enn vanlig forbrenningsmotor. Den kan drivast av mange energikjelder som solenergi, biobrensel og spillvarme. Ulempene er at den treng litt oppvarmingstid for å reagere, og at den ikkje greier å endre energiutbytte raskt.