MENY

Luke 24

Elektrolyse

Du treng:

  • Eit glas
  • Koparsulfat
  • Elektrodar
  • Leidningar
  • Straumkjelde

 

Kva skjer?

Kople saman heile kretsen med elektrodane i koparsulfatløysinga. Når straumkjelda vert kopla på, vil det oppstå gassbobler ved elektrodane.

Elektrolyse er det som hender når me sender elektrisk straum gjennom ein elektrolytt. Dei kjemiske reaksjonane i elektrolytten oppstår alltid ved elektrodane. Nokre gonger kan vi sjå at det blir danna gassbobler der, andre gonger kan det bli utfelt eit metall. Under elektrolysen vandrar dei positive og negative iona i elektrolytten kvar sin veg. Når dei positive iona kjem fram til den negative elektroden, mottar dei elektrona frå elektroden. Når dei negative iona kjem fram til den positive elektroden, gjer dei frå seg elektrona til elektroden.
I resten av straumkretsen, gjennom elektrodane og leidningane, er det elektrona som strøymer.