MENY

Luke 3

Kor mykje veg magnetar når dei støyter frå kvarandre, eigentleg?

Du treng:

Nokre runde magnetar med hol i
Eit stativ til å putte magnetane på
Ei vekt

 

Kva skjer:

Set stativet med ein magnet på oppå vekta, sjekk kor mykje den veg.

Plasser ein annan magnet oppi stativet slik at magnetane støyter frå kvarandre, den øvste magneten svever over den nedste magneten.

Kva trur du magnetane veg no? Vil dei vege like mykje som to magnetar, sjølv om magnetane støyter frå kvarandre, og den øvste svever i lufta?

Vekta slår ut, slik at dei veg like mykje som to magnetar. Dei fråstøytande magnetkreftene frå den øvste magneten presser nedover slik at vekta slår ut.