MENY

Luke 4

Foucaults røyr: Kvifor fell magneten så langsamt i eit metallrøyr?

Du treng:

  • Eit røyr av koppar eller aluminium
  • Ein sterk magnet (neodym magnet)

 

Kva skjer?

Hald røyret loddrett. Slepp magneten ned i røyret. Då vil du merke at magneten fell veldig langsamt gjennom røyret. Rundt alle magnetar er det eit magnetfelt som går mellom polane. Dette magnetfeltet vert pressa saman av røyret, slik at magnetfeltet bremser fallet. Dersom du har ein gjenstand med sånn nokolunde same vekt som magneten, kan du samanlikne kor forskjellig fall-tida blir.